Alle barn er plattfot i større eller mindre grad fram til toårsalderen.
Guten min har ei skeiv tå på kvar fot, der eine tåa ligg over nabotåa. Han blei henvist til ortoped då han var rundt seks år, men dei gjer ikkje noko med det så lenge det ikkje medfører plager. Han skal tilbake for ein ny sjekk når han er rundt åtte. Fekk beskjed om at eg kunne prøve å teipe tærne i "riktig" posisjon før lengre turar og sånt. Prøvde ein gong, men då han kom tilbake var tærne igjen i det som for han er riktig stilling, berre inntulla i teip og bomull...
Når det gjeld plattfothet, så er begge mine barn plattføtt. Eldste er sju og har ikkje noko plager av det. Går godt ned på innsida av foten. Det har nok samanheng med at han har ein grad av hypermobilitet i dei fleste ledd (alle unntatt hoftene, i følge fysio), så alt "siger" litt på ein måte. Det blir ikkje gjort noko med dette, så lenge han ikkje har plager. Guten min begynte å gå til normalt tidspunkt, 14 mnd gamal. Det er viktig å passe på at barnet har gode sko (ikkje arve etter andre!) som gir god støtte.
Lille derimot har hatt store plager. Ho er og plattfot og har hypermobile ledd, i tillegg til svak kjernemuskulatur. Ho har vore forsinka grovmotorisk heile vegen, sette seg opp sjølv første gong ved 13 mnd, krabba på alle fire ved 14 mnd og gjekk ved 19 mnd. Veeeldig ustø og ramla utallige gongar for dagen fram til toårsalderen. Frå ho var 3 1/2 klaga ho på smerter i føttene. Blei henvist til ortoped på Haukeland, ho sa at dette gjorde dei ikkje noko med. Då hadde jenta så store smerter at ho enkelte dagar (spesielt om morgonen) ikkje kunne gå i det heile tatt. Tok sjølv kontakt med ortopediingeniør som straks og med det same sa at med dei føttene og dei plagene skulle ho ha såler - umiddelbart! Og det (saman med eit års intensiv styrketrening for å bedre muskulaturen) har gjort underverker! No er ho fem år, brukar såler alltid så lenge ho har sko på, og ho har ikkje brukt vogn sidan 17. mai!
Mitt råd er som følger: Ta gjerne kontakt med helsesøster. Vér obs på at med mindre det er alvorlege feilstillingar i føttene blir det neppe gjort noko med det, før det eventuelt viser seg at ho får problem/smerter som følge av feilstillinga. Følg med sjølv og be ev. om henvisning til fysio.
Slik ser forresten føttene til femåringen ut (biletet er vel eit år gamalt, men føttene er like skeive no).
