TiraV
Gift med forumet
Lenge sidan eg var aktiv her inne. No skal me ha første fryseforsøk (søskenforsøk) og det har gått så fort i svingane at eg har ikkje fått skrive om det her inne. Har litt problem å henge med [8D]
Fekk utslag på eggløysingstest på lørdag morgon, og ringte det inn i dag. Så klokka 10 i morgon må eg ringe inn og høyre korleis opptininga av egga har gått [:o] Er så spent og nervøs at magen har gjort kolbøtte heile dagen...ja, i grunn heile helga. Berre litt ekstra i dag, sidan eg veit det mest sannsynleg blir innsetting i morgon.
Er det nokon som veit kor store/små sjansene for å bli gravid ved fryseforsøk er?
Me har bestemt oss for å sette inn to egg dersom begge tåler opptininga. Nokon som har erfaring med dette? Nokon som veit kva sjansene er for å bli gravid med ett eller begge?
Føler det går heilt rundt for meg no. Skal bli litt godt å få det overstått og bli ruger, sjølv om det er litt skummelt-spennande det og [:)]