Etter eit mislykka ICSI forsøk skal vi på an igjen med full hormonbehandling og heile pakka i februar. Tok ut 15 egg sist. 12 var brukande til befruktning, 9 vart befrukta, men berre to var brukande til innsetting, og ingen til frysing... Er det nokon som veit om ein likavel berre får tre uthentingar viss vi ikkje får nokre egg som kan frysast neste gong heller? Då er jo presset desto større for at det MÅ gå bra... Blir litt stressa av å tenkje på det...