11.30: Første modningspille
17.30: Andre modningspille
Ca. 22: riene begynte, svake, men berre 2 min mellom frå starten
Ca 00.45: 3 cm opning, eg blir flytta frå obs-posten og til føden, eg er i fødsel!
Deretter gjekk det slag i slag, dei tok vatnet for å sette ein elektrode på hovudet til babyen, eg gaulte etter epidural (dei seier jo at førstegangs brukar i snitt 12 t i aktiv fødsel, og eg klarte ikkje tanken på maaaange timar til med sånne smerter), dei sa det var ikkje tid, men gav meg ei sprøyte som ikkje gav lindring, eg måtte trykke og fekk beskjed om å holde igjen, hadde ikkje sjans så eg trykka likevel og vips var guten ute klokka 02.07, ca 1 time og 20 min etter at dei gjorde meg klar til å flytte frå obs-posten.
Eg revna ein del, og dei brukte eit par timar på å lappe meg saman igjen, til tross for at det ikkje var nokon alvorlege rifter. Berre vanskeleg å sy. Det var definitivt det verste med fødselen.
Sent from my C6603 using BV Forum mobile app