Eg er ikkje sjuk, berre dum...
Guttungen, som er sjuk, sovna hos besteforeldra då dei passa han fordi eg måtte på eit møte. Avtalte at han skulle sove der og så skulle eg kome bort med litt tøy til i morgon osv, seinare. Køyrde bort rundt kl 21. Og så er eg så teit og oversosial at eg ikkje klarar å gå heim når eg har det koseleg, så eg vart sittande der til klokka var 2. Pappa leste quiz'en i BT, eg åt spekeskinke og mamma sat og halvsov med strikketøyet i fanget.
...og så kom eg heim og måtte slå på pc'en for å sende e-post til guttungen sin lærar for å fortelle at han ikkje kjem på skulen i morgon heller, og så berre *måtte* eg titte "så vidt innom" her.
Men no må eg i seng, mannen går på jobb 6.45 og då er truleg lille oppe allerede. Og så skal eg på eit møte på skulen kl 9, og må ha levert lille hos foreldra mine før den tid...
Og der viste det seg igjen - eg har kronisk munndiaré, sjølv i skriftleg form. Du får ha god bedring Labambie, eg må kome meg i seng.
God natt!