Hun er 26 mnd.
Jeg slår ikke på radio og tv foran henne, for det er ikke helt RETT å innvolvere barnet formye i dette. De har ikke intelligens til å forstå hvorfor noen kan gjøre noe sånt, man må ha gått på skole, hatt historie og fått livserfaring for at man ikke skal bli livredd for sånne ting som dette.
(...)
Dette kjem jo HEILT an på alder og modenhet på barnet. Ein "oppegåande 6-åring" er naturlegvis noko veldig anna enn eit barn på 2 år, i denne samanheng (og).
Vi har ei jente som blir fire til hausten og ho har ikkje fått med seg
noko av dette. Dvs ho såg bittelitt på nyhetene på laurdag, men ho har
ikkje spurt om det eller kommentert det på noko vis, anna enn at "der var noen som var skadet, no må han gå på sjukehuset". Vi har ingen planar om å tvinge det på ho, når ho ikkje viser nokon interesse sjølv.
Broren derimot (snart seks) såg eit bilete då eg leste avisa på nett, og
han blei veldig opptatt av det med ein gong. Så der har vi forklart når
han har spurt. Han veit at det var ein mann som hadde gjort noko veldig
veldig slemt, han veit at det var ei bombe som eksploderte og at mykje
vart øydelagd og at nokon døydde. Han veit at mannen skaut ungdommar, at
nokon døydde og at nokon vart skada og er på sjukehuset.
Han har forsikra seg eit par gongar om at sånne bomber ikkje kan nå
heilt til huset vårt, og vi har fortalt at mannen som gjorde dette blei
arresert av politiet og at han kjem til å sitte i fengsel i mange, mange
år. Han har ikkje vist teikn til uro pga dette etter vi fortalte at bomber i Oslo ikkje kan nå hit, og at mannen er i fengsel.
Men guten her er vitebegjærlig og nysgjerrig og fokuserer kanskje på andre ting enn vi voksne gjer. Han lurte på korleis bomben såg ut, om det var bilete av den. Korleis ein egentlig kan
lage bomber. Eg har ikkje akkurat nokon bombeoppskrift å gje han (og hadde eg hatt, hadde han sjølvsagt ikkje fått), men vi svarer etter beste evne.
No virkar det imidlertid som at han har lagt det heile frå seg igjen, men han syntes det var fint og litt morsomt å sjå ein filmsnutt som viste blomsterhavet, blomster på bilar, veggar, skilt, statuer, osv.
Han forklarte ein litt yngre kamerat kva som hadde skjedd, og då denne
kameraten lo litt av ein eller annan grunn (sikkert for liten til å ta
det innover seg) blei guten vår litt streng i stemmen og sa at det var
ikkje noko å le av fordi "det e noe KJEMPESLEMT den mannen har gjort for
noen menneskar og ungdommar har DØDD og noen e på sjukehuset!". Så han
forstår alvoret.
Guttungen har sett bilete av Regjeringskvartalet og bilete av nokon som hadde blod i ansiktet, og av sjukebilar med ambulansefolk og politi rundt. Han har derimot
ikkje sett bilete av gjerningsmannen, eller, han har kanskje sett, men ikkje kobla det saman eller spurt om korleis han ser ut. Og sånn tenker eg det skal få vere til han spør spesifikt etter det. Det navnet og ansiktet kan gløymast for min del.