Her er det totalt 36 elevar, fordelt på to klassar. Men sidan vi har ein nynorskklasse og ein bokmålsklasse blir det i år skikkeleg skeivt fordelt, det er 25 som skal ha bokmål og 11 som skal ha nynorsk. Ganske snodig, målformene pleier å ha omtrent like store klassar, så dette har visst ikkje skjedd her før.
Guttungen kjem dermed i ein bitteliten klasse, med mindre nokon frå bokmål spør om å bli flytta over til nynorsk sidan dei er så få. Sånn som det såg ut før ferien var det i alle fall åtte gutar og tre jenter.