Eg har ikkje kome tilbake til før-førstemann-vekt enno, snart 6 år etter fødsel...
La på meg 22 kg med første, gjekk ned 10 av dei ganske kjapt. La på meg igjen då eg begynte på minipiller, gjekk ned igjen ved hjelp av trening og sunt kosthald. Blei gravid (startvekt i andre svangerskap var då 12 kg over startvekta i første) og la på meg 9-10 kg. Dei var vekke då eg kom heim frå sjukehuset.
Fortsette å gå ned med litt trening og begrensa snopinntak, og hadde på eit tidspunkt "berre" 8 kg igjen til før-gravidvekt. Og så var eg dum nok til å begynne på minipiller igjen. Opp 18 kg på 1 år, til tross for fortsatt trening og fokus på kosthald.
No har eg vore utan tilførte hormoner i halvanna år og har gått ned igjen 15 av dei 18 kg og er no rett under startvekt for forrige svangerskap, men har enno 11 kg igjen før eg når startvekt for første svangerskap (og ca 14-15 kg for å kome tilbake til idealvekta). Eg skal aldri nokon sinne bruke minipiller igjen, for å seie det slik.
...og eg skjønar ikkje korleis i alle dagar eg klarar å skrive så mykje som svar på eit relativt enkelt spørsmål. Sikkert berre for å unngå å legge meg. Likar å vere våken når det er stille i huset.
<3 ferie <3