Eg har to ungar frå før, men med 11 år i mellom. Så begynte på scratch med nr. 2 omtrent..
Trenger jo ikkje sååå mykje, egentlig..men ballar fort på seg
Kjøpte eitpar pakkar med gulpeklutar på Spar Kjøp, sånne litt store gas-klutar, veldig allsidige. Brukte som gulpeklut, underlag, vaskeklut, osv. Hadde også ein pk med små flanellsklutar, til stell i første tida. Litt mjukare. Brukte sånne eingangstelleklutar med vatn på, til verste bæsjebleiene.
Eit enkelt apotekutvalg - rektalt febertermometer, Paracet stikkpiller tilpassa vekta dei første mnd, sinksalve/Bephanten/ol til såre hudfolder, Qtips og evt saltvatn/Pyricept til navlestell dei fleste vekene. Smokk, vist det er aktuelt.
Kle finner vel folk ut av sjølv. Blir iallefall svært sjelden for lite på den fronten
Eg likte best strømpis og body som grunnutrustning første tida.
Eitpar sett sengetøy, litt fleire laken, 1-2 tisselaken. Eitpar tepper, gjerne eit i bomull og eit i ull.
Kjekt med eit babynest/vogge/korg/ol dei første 6 mnd, om ungen søv i stova/fellesrom på dagtid. +- 6 mnd blir dei stort sett så mobile at ein bør ha noko med selar i for at det skal vere trygt (mine sov ute i vogn). Vognpose er fint på vinter, typ dun/voksi (masse bra og brukt på Finn!). På vår/sommar/høst funkar dyne og evt eit trekk over bra.