Storm
Gift med forumet
Den fyste song
Den fyste song eg høyra fekk,
var mor sin song ved vogga;
dei mjuke ord til hjarta gjekk,
dei kunne gråten stogga.
Dei sulla meg så underleg,
så stilt og mjukt te sova,
dei synte meg ein fager veg
opp frå vår vesle stova.
Den vegen ser eg enno tidt,
når eg fær auga kvila;
der stend ein engel, smilar blidt,
som berra ei kann smila.
Og når eg sliten trøytnar av
i strid mot alt som veilar,
eg høyrer stilt frå mors si grav
den song som allting heilar.
Tekst: Per Sivle
Musikk: Lars Søraas
Den fyste song eg høyra fekk,
var mor sin song ved vogga;
dei mjuke ord til hjarta gjekk,
dei kunne gråten stogga.
Dei sulla meg så underleg,
så stilt og mjukt te sova,
dei synte meg ein fager veg
opp frå vår vesle stova.
Den vegen ser eg enno tidt,
når eg fær auga kvila;
der stend ein engel, smilar blidt,
som berra ei kann smila.
Og når eg sliten trøytnar av
i strid mot alt som veilar,
eg høyrer stilt frå mors si grav
den song som allting heilar.
Tekst: Per Sivle
Musikk: Lars Søraas