annhe
Glad i forumet
Me skal ha barnebursdag for storebror på fredag. Han vil (og får lov til[:-]) å invitere alle gutane i 3.klasse. Dvs mellom 18 og 20 3.klasse gutar i to timar på fredag. Meny Pizza, sjokoladekake, muffins, brus og godteposar. Me har tenkt at sambo kan vere ute med ein gjeng som vil spele slåball. Så har me bilbane og hockeyspel inne. Men eg reknar med at dei to timane bursdagen skal vere blir rimeleg kaotiske. Er det nokon som har tips til korleis me skal gå fram for å klare oss med kun 2 vaksne..... Er ingen familie i nerheiten som me kan be om å stille opp. Har i tillegg ein baby som også må tas vare på oppi det heile. Har eg teke meg vatn over hovudet????[8D] Ja, ja 2 timar overlever me vel
