Hei, her er eg :)

I dag tidleg tok eg digital test som viste GRAVID 1-2, og det kan stemme fint med eggløysing for 15 dagar sidan. Testa positivt på ein haug billigstrimlar i helga, men turte ikkje melde meg inn her før eg hadde tatt den digitale. Kjem nok framleis til å halde pusten ei stund framover, det kjennest faktisk meir uverkeleg enn eg forventa, dette her.

Om dette går bra, blir det termin 24.april, det blir mitt fjerde barn og vårt første felles. Eg er 42 år og fyller 43 nokre veker før termin, så det var ikkje gitt at vi skulle klare å bli gravide. No kryssar eg fingrar for at alt går bra, har hatt 2 SA og ein MA tidlegare, i periodane mellom dei andre fødslane og er sjølvsagt redd for det igjen, særleg med tanke på min alder. Borna mine er no 17, 13 og 9 - så dette blir evt ein skikkeleg attpåklatt.

Eg har lengta etter ein ny baby i fleire år, men no når eg har testa positivt er det meir forvirring og bekymring som pregar tankane mine. Men den store gleda kjem nok etterkvart som eg ser at dette går vegen :)
Gratulerer så mye!!
 
Back
Topp