Mammaogsjukepleiar
Andre møte med forumet
I mai fødte vi ein gut altfor tidleg i veke 16. Han var alvorlig sjuk og hadde ikkje klart seg utanfor mors mage. På grunn av komplikasjonane som oppstod under fødselen ved fyrstemann, og enda meir under fødselen i mai, kombinert med at eg har stoffskiftesjukdom har graviditeten denne gangen blitt klassifisert som høgrisikograviditet. Så då går eg her med hjerte i halsen, og sjeleglad for kvar gong eg er kvalm. Eg skal til tidleg UL i veke 8 dersom alt framleis er bra, og til universitetssjukehus i veke 13. Har fått instruks om å ikkje stresse av legen, men å prøve å ta det mest mulig med ro og fokusere på å vere eit drivhus (hans ord..). Men som småbarnsmamma, treningsinstruktør og sjukepleiar er ikkje det så lett, og eg klarer ikkje slippe tanken på at det skal gå galt denne gangen også. Er her fleire i liknande situasjon eller som har opplevd tilsvarande som har tips og råd?