Hadde det på samme måte som deg, men er var minstemann nesten 10 mnd når testen lyste positivt mot meg. Eg gikk lenge før eg i det heile tatt turte å sei det til sambo, viste at han kom til å presse på abort. Var i grunn enig i abort, men var noko som gjorde at det blei veldig vansklig. Om morningen når eg vakna, var eg for abor men ut over dagen kom tvilen. Eg skulle begynne på skule, hadde fått 50 % permisjon fra jobb, hadde akkurat starta i jobb i gjen etter forrige permisjon. Var redd for korleis økononien ville bli, kva dei ville sei på jobben om tre permisjoner etter hverandre, min mor ville ikkje ta det bra, i tillegg til mannen så ikkje ville beholde barnet. Mannen var veldig frekk og stygg mot meg, så fikk ikkje noko støtte av han. Var umulig å snakke med han, for abort var den einaste løsningen. Turte ikkje snakke med mamma, for viste ho ville bli skuffa. Og eg var så flau over at eg hadde greidd å bli uplanlagt gravid (1.mann var heller ikkje planlagt) at eg ikkje turte å sei det til nokon av vennene mine. Ein morning vakna eg, ringte legen og ba om abort. Når eg låg til ultralyd, for å stadfeste kor langt eg var på veg, begynte eg å hylgrine. Greidde ikkje slutte å grine, fikk time til abort dagen etter. Men eg sa til mannen at eg ikkje greidde å gjennomføre aborten. Han blei potte sur, ga meg veldig dårlig samvittighet dei få gangene han sa noen få ord til meg. Så me hadde det veldig tungt ganske lenge.
No er eg 34 veker på veg, og eg begynna å kjenne at eg gleda meg. Men har fortsatt nerver for korleis dette vil gå, kjem til å bli travelt. Forholde til meg og sambo er blitt som normalt, me har hatt det fint ei stund. Han gleder seg nok ein del han og, sjølv om han er livredd for at han ikkje skal takle alt stesset.
Eg var 22 veker på veg før me greidde å sei det til nærmeste familie, me greidde ikkje gleda oss eller akseptera graviditeten, så det var hovudgrunnen til at me venta så lenge. Ellers syns me d va litt moro å ha den hemligheten og. Mamma tok det heldigvis bedre enn forventa, og svigers var i ekstase! Vennene mine fikk veta de i veke 24, alle blei veldig sjokka. Jobben tok det også veldig bra, men rørte ikkje sei noko til dei før eg var 25 veker på veg.
No går eg snart ut i permisjon, har siste eksamen på mandag no for dette semesteret. Så skal minstemann starte i bhg i januar. Eg skal prøva å fortsette på skulen, går ikkje det så får eg ta permisjon derfra. Blei eit veldig langt innlegg detta. Men poenget mitt var at du må følge etter magefølelsen din. Ikkje føl def tvinga til noko som helst.
Eg får no 3 barn på under 3 år og 5 mnd, og skal gå på skule. Blir travelt, men trur nok det skal gå bra.
Skjønner tanke gangen din med at du mister ein del verdifull tid med Olivia, og at ho blir fort stor. Men tenkt på den gleden dei får av hverandre når dei blir større, og su får alltid tid til barna dine. Uansett kor travelt det er, så ordner du deg tid til å være med dei små!
Med tanke på abort, så ville eg ha venta litt før du tar eit slikt valg. Du er fortsatt i sjokk, la ting roe seg litt ned så du greier å tenke. Abort er ikkje vondt, og eg har eit inntrykk av at dei som ikkje er i tvil om at abort er eineste utveg ikkje angrar. Mens dei som er i tvil, må leve med å angre på valget sitt.
Lykke til med valget! Sender deg ein stor klem, du har det ikkje lett no.