torhildy
Betatt av forumet
Då har endeleg gutten vår kommen! Han kom ei veke over tiden (3.3) etter ein lang og tøff setefødsel. Men det brtyr at eg går over til mars-forumet. Tenkte eg kunne fortelle historien min før eg forlater dere.
Eg hadde termin 25. feb, og var fått time til overtidskontroll 2.mars på KK. Natt til 2.mars klokka 4 våkna eg med rier. Prøvde å sova litt, men frå klokka halv 6 kom dei regelmessig kvart 7 min. Halv 8 vekte eg mannen min (som forøvrig blei 29 år 2.mars!). Klokka 8 gjekk slimproppen, ringte då til jordmor, men fekk beskjed om å venta ein time før me gjorde noko meir. Nokre minutter etterpå gjekk vatnet, mens eg stod på badet og gjorde meg klar til å gå. Vatnet var litt misfarga. Då gjorde me oss klar og kjørte mot legevakta (der me skulle møte jordmor). Jordmora tok ein kjapp sjekk, 1cm åpning, men pga farge på vatnet blei eg henvist til fødeavdelingen. Ny sjekk og me fekk eit stort fint rom. Blei tatt sparketest og alt såg fint ut. Det blei kobla elektrode til babyen, men då fekk ho opp feilmelding på maskina. Alle signal var opp-ned. Det kom ein lege som kjente både utvendig on innvendig. Dei kunne ikkje sei kva vei han låg, så det blei ultralyd. Han låg med rompa ned!!! Litt av eit sjokk å få sidan alle har sagt heile veien at hovudet var festa. Han blei då estimert til 2700g og alt låg til rette for vaginal fødsel. Me fekk god informasjon ang kva som kom til å skje og at det var fare for at det kom til å ende med keisarsnitt. Pga faren for keisarsnitt fekk eg ikkje eta noko meir den dagen. Eg hadde då berre ete ei skjeva klokka 8 om morgonen. Klokka 2 fekk eg epidural (der fekk eg ikkje noko valg...) Pga epiduralen mista eg all følelse i beina og kjente knapt riene. Så dei neste 12 timene låg eg på ei side og måtte ha hjelp til alt! Eg som hadde ønske om naturleg fødsel, fekk noko som var laaangt derifrå. Dei måtte tømma blæra i senga, eg spydde heile tida (på tom mage), fekk feber, kobla til masse maskiner, epidural og drypp. Me hadde alltid ei jordmor på rommet vårt, og det var kun hyggelege folk! Dei prøvde å få fart på sakene med å sette drypp, men det likte ikkje mini. Riene tok seg aldri opp og dei prøvde fleire ganger med drypp. I 2-tida om natta fann dei ut at no måtte han ut, sjølv om det var 5 min mellom kvar rie. Då var det 2 leger, overlege, barnelege og to jordmødre på rommet. Eg kjente ikkje riene på dette tidspunkt så det stod ei jordmor og kjente på magen og sa kortid eg skulle presse. Veldig surrealistisk i grunn. Etter 4 press var han ute (15 min). Dei måtte bruka tang for å få han ut siste biten. Måtte klippast 4 cm og rivna ein del utanom. Når han kom ut var han blå og livlaus, legane måtte jobba nokre minutter med han, men så kom det nokre gode lyder til slutt!
Men for ein fantastisk gutt med har fått! Han var 3160g, 50 cm og 36 cm hodeomkrets.