Er jo i Søgne no, reiste fredag og på vegen ned begynte eg å bli dårlig. Har fram til i dag blitt dårlegare og dårlegare.. feber på 39,5, masse verk og skikkelig sår hals. Det er såå trist når alt er tilrettelagt for ein aldeles nydleg ferie, med eit nydeleg hus, supert vèr og idyllisk by.
Klage klage, fy skam meg.. men det er sååå frustrerande når me hadde sett VILT fram til denne ferien, sidan me er ganske utslitt begge to etter alt for masse prosjekt heime siste tida.
Og eg får jo så dårleg samvittigheit når eg ikkje klarar å fungere som eg skal..
MEN må nevne at eg har ein kjempe, super, duper snill sambuar som tek godt vare på meg og ungane! Ronja stooorkosar seg, og Karelius er superfornøgd! Hadde heldigis ikkje lovd dyreparken før tirsdag, så ingen skuffelsar. Håpar berre eg kjem meg nok til å reise.
Må berre nevne Ronja-gull som kom inn på rommet i dag, sto ved sengekanten og sa: "Berre sov litt du mamma, og prøv å ikkje tenk på da, so blir da nok bedre ska du sjå". Eg(med tårer i augekroken): "Å, Ronja mi. Tusen takk!" Ronja: Gjekk ut og stilte seg i døråpningen og justerte ein fin gløtt på døra: "E detta passeleg mamma"?
Takk for at du ville lese mitt klageinnlegg!
---------------------------------------------------------------------------------
Etter ei natt uten blund på augene, masse feber og hals som berre blei enda verre, så tok eg ein tur til lege her i Søgne. Og takk og pris for det, ho sa det var ikkje rart eg følte meg dårlig, for her var det kraftig streptokokk/halsbetennelse. Både mandlar og svelg er fullt i kvite bakterieflekkar (æsj), så har fått utskreve antibiotika kur. Så no håpar eg virkeleg det snur, og at eg blir kvitt dritten, så ferien kan begynne skikkeleg [:)]
Nøste: Hååååpar eg er i grei nok form til å møte dykk i morgo!!