googlet det:
Der fins ulike typar epidural - den vanlegaste er det ein kallar "mobil"
epidural. Den skal ta vekk smertene, men likevel gjere deg i stand til å
kjenne pressrier slik at du kan trykke mot slutten. Det gode med denne
er at du kan bevege deg rundt sjølv om du har fått den. Alternativet er
at du får så sterk dose at du kjenner mindre og får mindre kontroll over
kroppen. Folk har ulik oppfatning av kor godt epidural fungerer, fordi
vi er ulikt skapt og det kan variere i kor stor grad legane stikk
"perfekt". Trur nok at i dei aller flest tilfeller greier dei det fint.
Det som er bra med epidural er at dei kan skru opp og ned dosen, og
skulle det bli behov for ks undervegs kan dei faktisk i mange tilfeller
greie det med berre epiduralen. Alternativet om det ikkje er nok blir då
narkose.
Spinal er ein eingangsdose som blir satt lenger inn i ryggen enn
epidural. Den kan ikkje fyllast på, og den varer i halvannan time. Denne
blir brukt ved mange sjukehus når ks er planlagt. Du er våken, men
kjenner ikkje smerte og beina blir, som du seier, lamma.