Flimring for augene

Datadame

Forelsket i forumet
Julikulene 2020
Juliknøttene 2022
Opplevde tidlegare i dag at det plutseleg byrja å flimre for augene, eg vart veldig varm og småkvalm. På helseoversikt-appen står det at flimring og kvalme kan vere teikn på svangerskapsforgiftning. Ringte difor til føden, og fekk beskjed om å legge meg ned, ta det med ro og ringe opp igjen dersom det ikkje hadde gitt seg etter ein time. Og ho meinte at det var slike ting som plutseleg kunne skje i graviditeten. Så fekk eg beskjed om å ikkje Google så mykje, for dette var visst ikkje noko å ringe inn om! Det gav seg heldigvis etter ca. 45 min, men var skikkelig ekkelt då det stod på.

Nokon andre som har opplevd liknande og evt. veit kva det kan være?

Eg er 34+3 no, og alle kontrollar tidlegare har vore heilt fine, seinast hos jordmor den 1. juni.
 
Skjer med meg når jeg får litt lavt blodtrykk. Går over når jeg setter meg ned og slapper av.

Synes det var dårlig at du ble møtt med at det var ingenting å ringe inn for. Om det er første gang du opplever det skal du selvsagt ringe inn og bli tatt på alvor!
 
Tusen takk for svar :) Har hatt blodtrykksfall før, men då har det komt når eg har reist meg opp. Og då har eg blitt svimmel og nødt til å legge meg ned. No skjedde det heilt plutseleg medan eg satt stille og åt middag. Og det gjekk fint å gå rundt, sjølv om eg var kvalm. Men satser på at det kan ha vore noko slikt.

Sendte ein SMS til jordmor tidlegare i dag, så tenker eg at det kan vere opp til ho om eg skal kome inn på ein sjekk, eller vente til neste jordmortime om 16 dagar.
 
Var hos jordmor for sjekk og alt såg heldigvis bra ut :) Ho meinte at eg burde blitt tatt inn for sjekk i går, då dette kan vere eit teikn på svangerskapsforgiftning. Om det skjedde igjen skulle eg ringe føden igjen og be om å bli tatt inn.

Vidare ba ho meg om å bestille time hos fastlegen slik at eg kan få undersøkt om det kan vere andre grunnar til dette. Så ho tok meg i alle fall på alvor.
 
Det er ikke sikkert det er dette, men jeg har øyemigrene. Det starter med flimring ytterst i synsvinkelen og brer seg til slutt over hele øye. Når det blir borte får jeg av og til vondt i hodet, men ikke alltid:)
 
Så bra at jordmor tok deg på alvor, for en uting det er å bli møtt slik på føden. Jeg har hatt flimring én gang som vedvarte en stund. Veldig påfallende og uvanlig opplevelse, så jeg lurte på om det hadde noe med graviditeten å gjøre. Har ikke hatt noen andre plager eller tegn på svangerskapsforgiftning, og har målt både protein i urin, samt blodtrykk jevnlig hos jordmor uten utslag. Lykke til, håper og tror at det er ufarlig, men bra å få det sjekket opp uansett.
 
Takk :) Har fått legetime på fredag, så då får eg høyre kva legen seier. Er ikkje bekymra sidan alt heldigvis såg fint ut hos jordmor, men kan vere greit å få undersøkt likevel.
 
Back
Topp