Er for trøtt til å skrive mykje, men klippar og limar eit svar eg skreiv på eit liknande spørsmål for eit par månader sidan:
Guten vår er og svært langsynt. Brillestyrken er +6,75 og +7,5. Oppdaga
det då han var drøyt 3 1/2. Det viste seg etter kvart at han ikkje
brukte det eine auget i det heile tatt ( det med +6,5), berre det med
størst brytningsfeil. Måtte begynne med lapp mange timar for dagen for å
tvinge han til å ta i bruk det "dårlege" auget. Til å begynne med var
han i praksis blind med lapp, men det gjekk fort over. No brukar han det
dårlege auget så lenge han har lapp på, men så fort lappen går av
brukar han berre det gode.
Det at han berre bruker eitt auge gjer at han ikkje har dybdesyn (kan
ikkje sjå f.eks. 3D-bilete eller film) og har problem med å gå i ulendt
terreng. Heime hoppar han ned trappene for her er han godt kjent og kan
alle avstandane. Men han har vanskar med å bedømme avstand i nye
omgivelser (f.eks. skogstur).
Han vil ikkje bli blind, men kroppen kan finne på å undertrykke
inntrykka som kjem frå det eine (dårlege) auget i så stor grad at han i
praksis blir blind på eitt auge. Forrige augelege vi var hos (henvist
til sjukehuset fordi "vår" lege ikkje kunne bidra med noko meir) sa noko
om "bortimot +9", men vi skal tilbake og måle brytningsfeilen ordentleg
på nyåret antagelig.
Lesing og tv går heilt som for andre. Data/ds får han kanskje spele meir
enn andre fordi det er den aller beste treninga det dårlege auget kan
få. Så han får spele når han brukar lappen. Det er mulig å trene opp
synet fram til 7-8-årsalderen, auget er i stadig utvikling fram til då.
Guten vår har aldri likt å teikne, male, perle eller andre finmotoriske
aktivitetar. Første gong han teikna noko eg såg skulle forestille eit
menneske var han fem år. Dette heng veldig igjen no som han har begynt
på skulen. Han ser og forstår at "alle andre" er flinkare enn han, og
vegrar seg derfor for å prøve. Han kan ikkje sykle, har noko dårleg
balanse og er redd for å prøve - truleg pga manglande dybdesyn, det er
skummelt å vere oppe frå bakken og kjøre fort framover utan å kunne
bedømme kor du er i forhold til alt og alle.
Dei to første åra klarte vi oss utan solbriller, men i sommar måtte vi
ha det. Dette fordi lappetrening ikkje har vist nokon framgang og
augelegen ville at vi skulle dryppe han med pupillutvidande dråpar i det
gode auget. Då blir pupillen så open at auget ikkje kan brukast i det
heile tatt og han MÅ bruke det dårlege. Gjekk med auget sånn konstant
heile mai, juni og juli i år. Då blei det så lyst at han fekk vondt og
måtte ha solbriller (fekk det då dekka sidan han var spesielt
lysømfintleg pga dråpar som var eit ledd i behandlinga). Utan dråper
klarar vi oss fint med caps/skyggelue når det er sol, men no som han
først har solbrillene brukar han dei når det er veldig lyst ute.
Vi kjøper briller hos Brilleland. NAV dekker brilleglasa + 400,- av
innfatninga, vi får nye når han treng nye (men sidan han er eit roleg
barn har han aldri øydelagd briller, men har vokst ut av to par, eitt
sett glas har blitt så ripete at han trengte nye og ein gong måtte vi
skifte glas fordi han trengte ny styrke). Første gong kjøpte vi to par
(for å ha eit par i reserve), men reserveparet blei aldri brukt. No har
vi eit par av dei "gamle" brillene (dei som er ganske ripete) til
reserve, han brukar dei i senga når han har lagt seg, i svømmebassenget,
osv.
Akkurat KVA og KORLEIS han ser får vi nok aldri vite. Det vi veit er at
han berre brukar det eine auget til vanleg, og at han har ca 60% syn
med
briller. Dvs at dersom eg ser på plakaten med 10 linjer med ulike
figurar så ser eg alle klart og tydeleg. Han ser berre dei seks øverste
linjene. Resten er truleg tåkete/uklart. Utan briller ser han neppe den
svana som er heilt øverst ein gong.
----
Etter dette blei skrive har styrken på brillene blitt endra så begge augene har +7,5 og lappetrening har fungert bra dei siste månadene. No har guten hatt ein positiv 3D-test, så han KAN bruke begge auger viss han konsentrerar seg. Han skal og utredast for åtferdsvanskar, så det er ganske vanskeleg å vite kva av problema hans som skuldast synet og kva som skuldast andre ting. Om han ikkje syklar fordi han ikkje ser godt nok til å bedømme avstand, eller om han ikkje syklar fordi det er noko som i hans hovud er farleg f.eks.
Ang. lapp. Det har vore ein KAMP. Men går bra no. Og for all del: Når barnet begynner med lapp - dei MÅ tilrettelegge i barnehagen! Når du "tar frå barnet" synet på det gode auget er det kjempevanskeleg å få med seg kva som skjer. Synspedagogen eg har snakka med i ettertid seier at barnehagen burde lagt til rette for guten vår, ved å behandle han som svaksynt når han hadde lapp på. Bruke store, tydelege bilete og symbol f.eks. i førskulegruppa. Samt at han burde ha fått leike i mindre "leikegrupper" på avgrensa område. Når ein knapt ser er det så å seie umulig å få med seg kva som skjer i andre enden av rommet, å sjå samanheng mellom noko ein sjølv gjer og reaksjonen til ein annan, kanskje ein ikkje ser reaksjonen i det heile tatt. Om du forstår meg. Synspedagogen seier at det er umulig å VITE, men at synet, lappen og manglande tilrettelegging i barnehagen KAN vere ein del av grunnen til at guten vår no sliter med det sosiale.
http://www.reseptfri.com
Her får du kjøpt hudvenlege lappar (guten vår har utvikla allergi mot plaster og fekk sår rundt auget av vanlege lappar), dei er fine og :o) Og så er det mulig å kjøpe tøylappar som ein festar på brillene i staden for på huda. Guten vår brukar utelukkande dei no. Supert alternativ!
Etter guten vår begynte med lapp (fireårsdagen) har vi klart å få synet ganske bra tilbake, han ser no tilnærma like bra med begge auger, men brukar framleis berre det "gode" med mindre han har lapp på. Men godt å vite at han har to auger som fungerar slik at det ikkje er krise om noko skulle hende med det eine ein gong.
Kunne skrive i ein evighet her, du får spørre om det er noko spesifikt du lurar på, vi er fleire her med mykje erfaring.