Eg er nettopp ferdig med brystbetennelse. Ikkje noko særlig godt å ha nei. Men hell i uhell var at eg hadde 6 ukers kontroll hos legen dagen etter at eg begynte å kjenne betennelsen. Trudde eg kom til å vere den friskaste på venterommet hos legen, men endte opp med der med høg feber, og syns skikkelig synd på meg sjøl ja!!! Men uansett... Eg fikk pencillin-kur som virka ganske fort, og det hjalp med amming. Då vart liksom ikkje brystet så sprengt, og eg hadde mindre vondt. Men... legen sa at Elisabeth ikkje ville reagere på kuren min. Dette stemte ikkje! Ho fikk skikkelig mageknip etter 2 dager, og masse utslett. (utslettet kom kvar gong eg amma, og mageknipen tok seg opp litt etter litt). Slutta med kuren etter ei veke, og er frisk no. Men ville berre advare deg mot kuren viss du får den. Vær obs på at babyen kan reagere på den sjølv om legen seier noko anna! Lykke til!