Follow along with the video below to see how to install our site as a web app on your home screen.
Notat: this_feature_currently_requires_accessing_site_using_safari
Gjorde det samme forrige veke, tenker jo litt på det i etterkant, men etter at kvelden gjekk utan teikn på skade, og eg kjente liv, så slo eg ifrå meg bekymringa.
Einaste faren er evt morkakeløsning, og då skal det ganske store krefter til, gjerne direkte slag mot magen, evt fall/skade med høgre energi (typ bilulykke, fall frå høgder, osv). Og det vil komme ganske raskt.
Eit fall på rompa frå eiga høgde går nok heeeilt fint! Men er ikkje noko gøy allikevel, vi er gode på å bekymre oss..
Einaste plaga mi var at eg vart litt støl i bekkenet etterpå.
Tusen takk for svar Eg har kjent liv etterpå og har ingen smerter, så krysser fingrene for at det har gått bra.
Håper vi alle holder oss på beina igjennom vinteren
Liv er jo ein av dei beste teikn på at alt er bra
Er så fort gjort, spesielt med den stadig større magen og litt dårligare balanse. Forrige svangerskap fant eg ut at eg skulle gå på ski..eg går på ski ca 1 gang i året ellers Nesten heilt flat løype, men klarte allikevel å dette to gangar. Eller, meir velte over på sida frå omtrent stilleståande Var ganske bekymra då, Googls og styra på, men kjente masse liv eitpar timar etterpå og var ellers som før, så klarte å slappe på etterkvart. Men blir ikkje meir skigåing som gravid nei!