Første antibiotikakuren

sogn78

Forumet er livet
VIP
Da vart lillebror 14 dagar før han fekk sin første antibiotikakur stakkars liten. Jaja, storebroren var kun eit par timar gammal da han fekk sin første kur....
Har fått betennelse i ein finger, den er blitt heilt lilla, så no skal me prøva med kur i 2 døgn, og viss det ikkje er bedre blir det barneklinikken på oss i morgon kveld.
Så no må alle kryssa fingrane for at me slepp å reisa på Haukeland i morgon kveld!!! (Tenker jo at det er stor risiko for å få RS virus på kjøpet viss me må sitta på venterommet der oppe i nokre timar.... )
Nei, kryss alt som kryssast kan :)

Er det forresten andre som har erfaring med å gi Keflex eller anna antibiotika til sånne små, og veit korleis det virkar på magen deira? Foreløpig så har han ikkje hatt meir vondt enn vanlig, men i går fekk han kun ein av to dosar. Spent på om det blir mykje meir vondt av den... Storebror merka me ingenting på som eg kan hugsa, men han var jo innlagt mykje av tiden han fekk det, så me veit ikkje heilt...
 
Håper fingeren fikser seg selv så dere slipper sykehuset :) God bedring :)
 
God bedring!
Vi sitter på barneklinikken nå vi:confused:
 
Takk jenter, kryssingen fungerte for fingeren er bedre. Og magen har ikkje blitt så mykje verre av kuren foreløpig, så det ser bra ut. No er eg berre spent på vekta hans som skal sjekkast i morgon i og med han har gått ned i vekt...
 
Kjøp tarmbakteria for å bygge opp igjen magen hans etterpå, de bør alle som går på antibiotika.. Fås kjøpt på helsekosten, til spebarn:)
 
Kjøp tarmbakteria for å bygge opp igjen magen hans etterpå, de bør alle som går på antibiotika.. Fås kjøpt på helsekosten, til spebarn:)
Såg ikkje svaret ditt før no, sorry. Eg har lest litt om probiotika, og det står mange plassar at det ikkje er anbefalt at barn under 1 år får dette, så da blir eg jo litt skeptisk.... Eg spurte på apoteket om det var noko eg skulle gi han, og ho meinte at han ikkje skulle få noko.. Har du erfaring med å gi dette??
 
Back
Topp