Munemor
Elsker forumet
31. januar skulle eg inn igjen på ultralyd og sjekk fordi det minka på fostervatnet til den lille. Ultralydterminen min var 27. januar og eg begynte å bli ganske så lei. Det såg svart ut når det gjaldt å få eit januarbarn og eg var forberedt på at fostervatnet fortsatt låg på grensa, men akkurat nok til at eg kunne reise heim og vente.
Plutselig snur alt seg, eg får beskjed om at han vil legge meg inn med det samme, berre ei lita lomme meg fostervatn igjen. Hæ? Legge meg inn, men skal eg ikkje heim først? Blir sendt ned i underetasjen, på observasjonspost for gravide. Heilt aleine og tankane rasa, skulle eg endelig føde? Kva skjer? Eg vil ha min kjære her!
Resten av dagen går med til venting og luring. Eg måtte vente med mange andre fordi det var føderusj. ?! Typisk når eg endelig kjem så langt. Heilt utruleg! Eg fortsette å vente og endelig er samboer ferdig på jobb. Får også besøk av spente besteforelde (mamma, pappa og svigermor) og lillesøstra mi som lengtar etter å bli tante igjen. Tida går og eg får beskjed om at eg sannsynlegvis må vente til neste dag med å få mi første pille, for dei kom til å besvime på føden om det kom fleire fødande no. Kan det vere at det nerma seg fullmåne (2. februar)?. Eg skjønne ikkje heilt koffor eg må vere der, vil berre heim å sove i eiga seng.
Besøket mitt reiser, min kjære blir enda ei stund. Då kjem ei som vil ta blodtrykket og ENDA ein sparketest på meg. Ho hadde også snakka med ein lege om at eg hadde så lite fostervatn og at det var over eit døgn sidan eg følte at det forsvant, så da fann dei ut at dei skulle sjekke meg nedentil. Hadde ein cm åpning og vart ganske moden. Fekk 4 av 7 poeng, der ein måtte ha 7 for å komme inn på føden. Så då fekk eg pilla der og då. Hjelp, pilla var satt!! Dette skjedde klokka ti på kvelden. Samboer reiste heim for å kvile i elvetida og eg las blad den siste timen før eg pussa tennene (måtte ligge to timar etter at pilla var satt).
Klokka var litt over tolv, eg stod opp for å gjere meg klar til å sove, var trøtt og trudde ikkje eg skulle få problem med å sove. Halv ett var eg i seng, eg lukka augene og DER kom første rie. Det starta rolig og var ikkje så forferdelig vondt. Prøvde å sove, men kvar gang eg nesten var i drømmeland kom det ei ny rie, og så ei ny. Riene tok seg opp og vart verre og verre. Etter ca. to timar ringte eg på jordmor og sa at det begynte å bli veldig vondt no. Blei atter eingang tilkobla sparketestmaskina. Maskina viste først to regelmessige rier og etter det var det berre surr. Eg vart kobla av og jordmor kjente på magen min. Ho berre smilte og sa "gratulere med dagen, dette er sterke rier".
Fekk beskjed om å pakke sammen tinga mine å komme ut i gangen.
Plutselig var ting igang...Eg vart sjekka, to cm åpning og jordmor sa "gratulere med dagen" enda eingang. Eg prøvde å puste så godt eg kunne og tenkte gratulere med dagen meg midt i ræva, dette gjer VONDT! Det blir satt klyster og får beskjed om at no kjem riene til å ta seg opp. Uff, må dei det?!
Ringer no til samboer, klokka var ca fire. Han spør kva som skjer? Eh, EG FØDER!!! Og det tok ikkje lange tida før han var der, trøtt og forvirra.
Riene kjem ofte, varar ikkje så lenge, så vi trur det berre er maserier. Det er fortsatt ikkje plass på føden og eg må gå i gangen på observasjonsavdelinga. Eg spyr og spyr og endar til slutt oppi ein sofa i ei fellesstove (heldigvis natta og ingen andre der). Får varmepute, som lindrar godt. Ligg i sofaen og held på å slokne mellom kvar rie, er jo berre så trøtt. Samboer er god å ha, han blir godt skvisa, stakkars trøtte mann.
Klokka er ca. seks og endelig er det eit klart rom på føden. Eg må gå inn sjølv og stoppar ved annakvart steg, riene haglar på. Kjem meg endelig inn og kavar meg opp i senga. Blir sjekka og det er sju cm åpning. Tok ikkje lange tida før eg fekk så sterke rier at eg bestemte meg for epidural, kjente babyen vrei seg nedover, AU!!! Det kunne eg få, MEN det var kø på anestesilegar. Eg skulle få sette meg i badekar så lenge. Eg sa ja, men visste at eg aldri kom til å komme meg ut av senga. No trudde eg at eg skulle dø. Klokka er ca sju og pressriene starta. Kunne sjå langt etter smertestillande da ja. Pressa i ein time, tok litt tid før eg turde å presse skikkelig, men til slutt kom han. På slaget klokka 0800, 1. februar 2007 var prinsen ute og vi var forvirra og glade, nåke vi fortsatt er i dag, ei veke etterpå. Han var 3230 gr. og 52 cm lang[:)]
Eg rivna litt forover og bakover og måtte sy. Kan sei det var vanskelig å skulle slappe av når ho dreiv å grov med der nede. Ein smule sår etter å få ut ein unge, men overlevde det òg. Ser tilbake på ein kort og grei fødsel. Men kjem til å ta ei tid før eg skal tenke på å gjenta det.
No skal vi berre kose oss med lille prins Tobias, som vi har venta så lenge på[:)]