No begynnar det å bli ei stund sidan eg pakka den berømte bagen, men eg huska enda at eg måtte heim og hente ting nokre dagar etter fødselen, og det var ikkje ein behagelig køyretur med ørten sting ein viss plass...
Pga litt komplikasjonar så vart me værande på sjukehuset i fem dagar, og hadde ein baby som tissa både her og der, og gulpa mykje, hadde derfor pakka altfor lite kle til han.
Til meg hadde eg pakka mengder av stooore truser osv, dei brukte eg ikkje for det var ingenting anna enn nettingtrusene på sjukehuset som var store nok ;o)
Hadde og for få gravidbukser med meg, greit å ha litt ekstra, brukte tre stk under fødselen, den første full av ultralydgele, den andre av fostervatn og den tredje av blod :o)
Vil anbefala å ha med litt frukt, energirik drikke og kjeks. Eg åt det ikkje, men var greit å ha for sambo slik at han ikkje måtte forlate meg for å eta mens det sto på.
I tillegg var det greit med kamera, mobil med lader, lypsyl, nasespray (avhengig), og det kan vera greit med ein tennisball som mannen kan bruke til å massere ryggen under fødselen, me brukte den ikkje fordi eg kun hadde smerter i magen, men trur den hadde vore nyttig viss riene hadde vore meir i ryggen.
Masse lykke til, å føde er fantastisk!!!