Hei, veldig leit å lese om det du opplever, og eg veit det er vondt når testene ikkje blir sterkare, det kjenner eg så alt for godt til. Eg skal prøve å dele litt av mine erfaringar.
Eg brukte make sure batch 11 då eg testa sist eg var gravid, usikker på utløpsdato, men eg lurte på det samme med fargestoffet sidan testane var så svake. Googla meg halvt i hjel i prosessen og om las alle mulige gode og dårlige utfall både her og på Reddit.
Dessverre var det ein exu, så eg målte også hcg ein del i løpet av perioden og tok ein test kvar gong eg tok blodprøve.
Først (13-20dpo, kun testar, ingen blodprøve) hadde eg veldig svake testar, så steig hcg etter blødning 5+0. Testane vart tilsvarande sterke etterkvart (frå 38 til 2000).
Brukte også batch 11 til å teste ut hcg etter behandling, og eit par metode-tester. Syns ikkje det var dårlig fargestoff på alle i pakken, men eit par var kanskje ujevne i fargen. Eg hadde hcg-måling kvar veke som eg kunne samanlikne med.
Eg tenker at ein ikkje kan sjå hcg-nivå på strimmeltestene, det blir meir ein peikepinn. For eksempel var 287 sterkare enn 480, og eg har ikkje nokon forklaring på det. Under 200 var veldig svak, og 4 klarte ikkje tidligtesten til metode å fange opp. Makesure fanga opp 21. Fastlegen min meinte testane ikkje var kvalitative på den måten, men noko kan vi jo lære av dei. Som f.eks st hcg stiger eller er svak.
Det er ein utrulig drit situasjon å stå i, eg sender deg masse styrke og håper alt går bra sett i lys av situasjonen!
