Lille blei sjuk onsdag for to veker sidan, med høg feber, hoste, rask pust og slim. Kom ikkje til legen før onsdagen etter, og fekk konstatert lungebetennelse og fekk Ery-max (antibiotika).
Feberen forsvann etter halvanna døgn, og hosten gjekk tilbake. Søvnen blei bedre.
Og så i dag blei ho verre igjen. Feber, hoste, surkling i brystet og ho kastar opp slim. Fekk kome til hos legen igjen som sa at der var mykje lydar på lungene så det er framleis lungebetennelse, men at det nok er mycoplasmavarianten (= visstnok bakterier som oppførar seg som virus, og derfor har antibiotika liten effekt). Smittsome greier. Skulle berre slutte med antibiotika sidan den kunne forverre kvalme/oppkast. Fortsette med ventoline for å hjelpe pusten, og gje paracet ved behov om ho har smerter.
...og så sjå det an ei veke eller to til.
Korleis var sjukdomsforløpet hos deg (eller ungane, legen meinte det stort sett er barn som får dette)? Prøvde dåke antibiotika? Effekt? Kor lang tid tok det før du/dei var bra igjen? Kor lenge varte hosten?
Får så vondt av lille tøtto som ligger som eit slakt på sofaen og surklar og søv. Og vi som skulle av gårde og kjøpe akebrett for å gå ut i snøen etterpå...