Endelig gravid etter laaaang tid i prøverørskarusellen:)

MAHO78

er endelig mamma:)
Januarhula 2014
6+1 på vei i dag:) Fortsatt litt uvirkelig dette, men begynnar å tru litt på at det skal gå bra denne gongen. Har hengt på ass.befr forumet her inne sidan 2009 no. Kjem sikkert til å endre nicket mitt etter ul neste tirsdag om me ser eit banande hjerte el to då;) Satte inn to egg, så det kan jo faktisk vera to inni der! Den tanken er litt skummel då, men.... Er vel berre bonus om det er to og alt går bra.

Eg er 35 år og min kjære blir 35 i okt. Me har vore i lag i 14 år og eg kasta pillen faktisk for heile 10!!!!!! år sidan! Glad eg ikkje visste den gongen då kor lang tid det skulle ta meg å bli gravid! Blir spennandes dette! Har ul-time 28/5 kl 08.00. Måtte dagane gå kjapt fram til då.

Symptom til no: ømme puppar, litt stikningar, litt sånn gangsperrfølelse i magen innimellom og har hatt nokre få sure oppstøt siste dagane og har vore veeeldig trøtt frå fleire dagar før testdatoen som var 8/5.
 
gratulerer så mye..vi er så og si like langt. vi satte inn ett egg 26 april og testet positivt rugedag 10, og det sitter enda.. har vært prøvere i 3 år, men dette va første ivf behandlingen min... :) skal på ul 31 mai... grugleder meg... spennende om du har to der inne :) lykke til!
 
ja blir spennende dette jorna! Her satte eg inn dagen før deg, så me ligg rimelig likt an ja;) Håpar ul visar bankande hjerter hos oss begge! :) <3
 
6+3 i dag:) Vart litt bekymra i går etter middag og det samme i dag etter middag då eg fekk skikkelig mageknip eit par-tre gonger. Varte ikkje så lenge kvar gong heldigvis - kanskje sånn rundt 30 sekund. Trur nok det berre var luftsmerter eller magen som jobba litt med fordøyelsen. Kjents vel omtrent ut som når ein har diarè og berre MÅ springe på do med ein gong. Var ikkje det då, men var skikkelig knip der eg krøkte meg sammen og då er jo bekymringen der med ein gong. I går var eg ute og gjekk når det skjedde. Var på vei til bilen. Gav seg heldigvis når eg kom til bilen og fekk sette meg ned. Kjente ingenting resten av kvelden. I dag gjekk eg rett og la med ca 1,5 time etterpå og slappa godt av. Var og litt kvalm før i dag då me køyrde heim frå Bergen som tek ca 1,5 time. Kjente kvar hump i vegen då følte eg;) Ikkje noko kvalm utover det heldigvis. Hadde litt ligamentsmerter i gårkveld:) Ooooh, måtte dagane gå kjapt fram til ul på tirsdag no!
 
28/5: har sett eit fint bankande hjerta på ul: Va på plass på gyn.kontoret eit kvarter før timen min kl 08.00. Kjente hjerta mitt banka litt ekstra før da va opp i stolen med meg;) Fekk ganske kjapt sjå vesle embryoet inni der og at hjerta banka! Sukk! Litt dårlig oppløysning på skjermen hans så var veldig kornete bilde, men, men likevel eit fiiiiint syn:) Glaaaaad no og vart litt meir virkelig i dag at eg faktisk er GRAVIIIIID og heile 7 veker på vei i dag! Måtte alt gå bra heilt til mål denne gongen! Vesle embryoet var ca 1 mm over normalen i str fekk eg beskjed om;)
 
Har endra nicket mitt frå håpomspirenosnart til MAHO78 no etter å ha sett eit bankande hjerte i dag:) Kan ikkje håpa på fleire spirer no på ei stund;) Måtte berre denne spira fortsette å vokse seg stor og fin:)
 
7+4 i dag:) Eller har jo passert midnatt så i grunn 7+5;) Godt å sitja oppe litt lenge om kveldane når har fri dagen etterpå slik eg har i morgon:) På kveldane er eg nemlig sånn nokonlunde meg sjølv. Frå eg står opp om dagane til langt utpå dagen føler eg nemlig at eg går rundt i ein døs. Veeeeldig trøytt då ja! Men eg er heldig som ikkje plagast av noko særlig kvalme endo i alle fall! Føler det er mange her på jan.gruppa som slit masse med kvalme. Her har eg kun enkelte sure oppstøt sånn innimellom og blir kvalm av sterke matluktar. Appelsinjuice er blitt veldig godt i det siste så det berre MÅ eg ha i hus;) Sambo har forlatt meg for ei vekers jobb i USA i dag, men heldigvis berre 1 veke då:) Av og til er han nemlig vekkreist 3-4 veker i strekk! På tors og fre på jobb hadde eg skikkelig svettebyger på jobb;) Var ikkje sånn veldig varmt ute. Var vel oppe i ca 20 grader i lufta, men eg svetta som fy;) I dag har eg heller vore litt kald, noko som er meir vanligt for meg. Men i dag har det til gjengjeld vore berre 12-13 grader ute + regn og vind. Nei på tide å finne senga her. Snaaaaaart 8 veker på vei! Yeah! :) Kjem vel fortsatt til å ta nokre veker til før eg trur heilt på dette då, meeeen;)
 
Dag 8+2 i dag:) Har hatt meg ein Bergenstur frå i går til i dag. Var bort og såg til huset vårt der borte og var på ein shoppingrunde med syster mi som er 8 år yngre enn meg og å besøkte pappaen vår på Haukeland sjukehus etterpå. Han har hatt kreft for andre gong. Heldigvis kvitt det no, men held på med nokre siste kurar for å vere på sikre sida denne gongen. Har hatt litt hovudverk no i tre dagar, men berre sånn mild hovudverk så ligg heldigvis ikkje strak ut! Må passe på å drikke masse no kjenner eg! I går på morgonen hadde eg skikkelig ekstreme stikningar nederst i magen. Varte sikkert rundt 5 min. Kjents nesten ut som om nokon stakk nåler i meg. Gjorde i grunn litt vondt å stå, så satte meg ned til det gav seg;) Rar følelse! Føler magen er til tider stor om dagane;) Har kjøpt meg ei ny bukse i dag med masse stretch i og høgt liv. Har samme frå før i annan farge og ein str mindre. Likar den godt:) Fekk tlf i går frå dei som driv pregmet-studien som går ut på å gje gravide med PCOS metformin heile graviditeten mot til veke 12 som har vore vanlig til no. Å gå på det heile graviditeten har dei funne ut kan vera bra for å unngå SA, for tidlig fødsel osv. Halvparten i studien får metformin og andre halvparten placebo. Og så følger det med 5 utvida undersøkelsar med ul på Haukeland som kan vera greit å få med seg. Skulle visst då komma til ul 18. el 20. juni snakka ho om. Skulle få ein mail med nærare detaljar. Har ikkje fått den endo. Blir spennandes! Fri i morgon før jobbehelg. Då skal eg berre slappe av og ha ein rolig dag:)
 
9 veker i dag og har hatt fyrste legetime hos fastlegen min. Hadde visst ikkje fått det med på dataen sin at eg var gravid;) Hadde derfor satt av litt lite tid til meg. Skulle i grunn hatt dobbeltime sa han. Vart derfor berre til at me prata litt og tok blodprøvar og at eg leverte urinprøve. Skal tilbake til han neste ons sånn at han får gjort litt meir + fylt ut helsekort før han går på ferie. På tirsdag skal eg til ul og glukosebelastning-undersøkelse på Haukeland i forb. med grav.met-studien. Blir spennandes! Då er eg 10 veker på vei så då ser nok vesle spira litt meir babyaktig ut enn sist når berre 7 veker ja:) Kvir meg litt til å måtta fasta då, meeeen....

I går kjøpte eg mine fyrste graviditetsklær ever;) Ei som skulle selga ein masse kle veeldig billig så då måtte eg berre trå til sjølv om litt tidlig endo! Fekk klær sikkert verdt rundt 1800-2000 kr for 300:) Har begynt å få ein fin kul nederst på magen allerede! Var på stranda i dag med ei venninde. Var i grunn litt i tvil om eg burde vise meg i bikini enda;) Men tenkte eg sikkert følte det viser meir enn det i grunn gjer. Men fekk då etter ei stund sms frå ei venninde som hadde fått sms frå ei ho kjenner som var på samme stranda om eg var gravid;) Usjda. Må holde meg vekke frå dei største strendene med masse lokalfolk på dei neste vekene til passert veke 12 skjønnar eg;) tihi.

Enda med hovudverk i dag etter nokre timar på stranda, så låg i senga frå ca 15.00-18.30 når kom heim att og har fortsatt hovudverk her. Så blir tidlig kveld i kveld trur eg. Håpar det er bedre når eg våknar i morgon. Har fri i måro, så jobb i to dagar så to veker ferie! Greit å ha fri dei siste vekene før komt til veke 12! Då kan eg sei det på jobb når tilbake etter ferien og på med litt vidare jobbskjorter då;)
 
Nokon spør: er du allerede komt til veke 10?? Eg føler 10 veker har gått treigt;) hehe. På samme side er det rart å tenka på at det allerede er 6 veker sidan positiv test;) Berre håpar desse to ferievekene mine går kjapt no så når eg 12 veker tirsdagen etter ferien:) Er forfeeeeerdelig trøytt om dagane! Kunne sikkert ha sove 4-5 timar midt på dagen om eg hadde tillatt meg det;) Var til Haukeland på undersøkelse i går i forbindelse med ein studie eg er med på no som heiter pregmet. Går ut på å bruke metformin heile svangerskapet for dei med pcos. Dei som er med får 5 utvida kontrollar på sjukehus og får enten metformin eller placebo ut svangerskapet. Ein får ikkje vita kva ein får før studien er over visst. Fekk tlf i dag at eg hadde for høge verdiar på ein glukosetest tatt i går:( Det betyr at eg ligg an til å få svangerskapsdiabetis og no må regulera kosthaldet mitt deretter. Blir kalla inn til nærare samtale/undersøkelse ang det snart. Litt kjedligt, men har no levd på lavkarbodiett tidligare og klarde meg stort sett utan sukker då i fleire mnd så alt går;)
 
Back
Topp