Her var visst forslaget frå "oss" (altså foreldra) at ungane begynner å dusje etter gymmen samtidig som dei begynner med svømming. Dei hadde svømming i fjor og, men har ikkje starta med det enno i år, pga. manglande livredningskurs. Men det er berre eit par veker om å gjere no.
Planen er då at sidan ungane er vante til å dusje etter svømming, blir overgangen til også å dusje etter gym mindre.
Eg kjenner eg er skeptisk, og har ikkje tru på at dei får barnet mitt til å dusje. Så langt har vi brukt over eit år utan å få han til å bruke gymsko, så den dusjen trur eg dei kan sjå langt etter inntil vidare. Ikkje synest eg det er nødvendig heller. Sjuåringar luktar ikkje svette, og dei er uansett minst like aktive i friminutta som i gymmen. Kan ikkje begynne å dusje og skifte tøy etter friminutt av den grunn...