Gje meg handa di, ven, når det kveldar
Det blir mørkt og me treng ei hand
La dei ljose og venlege tankar
fylgje oss inn i draumars land
Lat varmen frå ein som er glad i deg
Tenne stjerner i mørkaste natt
Gje meg handa vi, ven, når det kveldar
Det blir mørkt og me treng ei hand
Varme tankar og hender som trøystar
Er som sol over frosen jord
Kjenne varmen frå ein som er nær deg
Gjev langt meire enn store ord