I fjor vinter "konverterte" eg til Dock Boots. Herleg! Brukte dei gjennom forrige vinter, med ullsokkar nedi. Hadde eit par ullsåler og, men det vart for varmt.
Eg har og eit par høge fjellstøvlar (gore tex) av eitt eller anna merke, men dei brukar eg berre dersom eg skal gå tur. På jobb i bhg er dock boots rikeleg komfortable og varme. Og dei held meg tørr på føttene uansett kor mykje slaps og regn det er. Har ikkje prøvd dei i under -10 eller så, sidan eg bur på Vestlandet.
Har ein varmedress som ex'en ikkje skulle bruke på jobb lengre... Heime har eg ein frå Europris eller noko slikt. Funkar fint, men igjen - eg bur på Vestlandet - så ofte må eg uansett ha regntøy. Har H/H regnjakke og ei Norheim(?) bukse. Og så varierar eg med antall lag ull under.