Det har skjedd meg tre gongar den tida eg har jobba i bhg. Eine gongen var det ikkje vanskeleg i det heile tatt, barnet kasta opp, og var dårleg. Feber og alt. Barnet var trøtt og vi la det inn på eit rom for seg sjølv der det sovna og sov til det vart henta.
Neste barn var i ok form etterpå, men sidan vi er to på jobb og den eine ryddar opp ein del inne mens den andre går ut med dei største ungane (dei minste søv) hadde eg det sjuke barnet inne med meg til det vart henta.
I det tredje tilfellet kasta barnet opp ute, like før hentetid. Då lot vi barnet vere ute, men det var litt slapt så det fekk sitte i vogn med teppe rundt seg til det vart henta.
Det er med andre ord ingen fast praksis. Vi prøver å ikkje ha dei andre ungane "oppi" den som er sjuk, men det er ikkje alltid det er gjennomførbart å skille dei heilt heller.