Jenta vår hadde og infeksjonsutløyst astma. Behandlingsplanen var som følger:
Nivå 1 - Faste medisiner, gis daglig selv om barnet virker friskt og ikke har symptomer
Flutide spray 50 mikrogram - 1 puff x2 per dag
Nivå 2 - Ved begynnende forkjølelse eller hoste eller annet som ofte forverrer astmaen
Ventoline spray - 1 puff x 2-4 per dag (10 minutter før flutide)
Flutide spray 50 mikrogram - 2 puff x2 per dag
Nivå 3 - Derom det likevel kommer astmaanfall og "tung pust"
Ventoline spray - 1-2 puff x 6-8 per dag (10 minutter før flutide)
Flutide spray 50 mikrogram - 2 puff x3 per dag
Slitent eller dårlig barn: Ring lege!
Jenta vår var ikkje veldig *sliten* av astmaen (trur vi), men generelt sliten pga mykje som foregjekk, problem med magen og store problem med søvn, utredningar her og der, veldig ofte sjuk. Vi var ofte nede på nivå 3 av behandlingsplanen, men det holdt med 2 puff x3 av både ventoline og flutide. Enkelte periodar kunne ho vere ganske lenge på nivå 1 (kanskje 1 mnd om gongen), men då vi prøvde å trappe ned/avslutte medisinering begynte ho å hoste med ein gong.
Hosta mykje om natta, mest tørrhoste i "gode" periodar, mykje slim og surkling i dårlege periodar. Ho har alltid vore eit veldig redd og forsiktig barn, sein motorisk, så turgåing og slikt var aldri aktuelt (berre i vogn/sele, så då merkar ein ikkje om aktiviteten forverrar symptoma).
Gir dåke ventoline forebyggande før aktivitet? Har dåke fått ein behandlingsplan så dåke veit når og kor mykje dåke kan gje ho? Eller er det det dåke skal finne ut av når dåke skal til spesialisten?
Og til slutt ei lita oppmuntring: Jenta vår begynte på daglege medisiner ved 11 mnd, etter å ha hosta seg gjennom heile livet omtrent, sidan ho hadde rs-viruset då ho var 6 veker gamal. Prøvde å fjerne medisinane eit par gongar i gode periodar sommaren då ho var 1 1/2 år, men det var ikkje sjans.
Men ved 2 1/2 år var det vekk! Ja, ho hostar og slimar noko når ho er forkjølt, og har ofte tendenser til falsk krupp, men ho har vore medisinfri i over eitt år no (med unntak av ein skummel sjukdomsperiode i vår, der ho hadde bronkitt, lungebetennelse og astmalydar i lungene, då måtte ho ha ventoline i eit par veker). Dei fleste veks det av seg!
Lykke til hos spesialisten, ta for all del kontakt med fastlegen dersom ho er/blir såpass dårleg at du blir redd for pusten!
Klem til deg!
Edit: No som eg leste gjennom tråden din ein gong til kom eg på ting som eg meir eller mindre hadde fortrengt... Jenta vår pleide og å kaste opp slim og skum, både ved hoste og dersom ho skreik mykje (dermed vanlegvis minst ein gong pr natt, sidan ho skreik i timesvis). Det er godt vi er laga slik at vi til ei viss grad gløymer ein del av ubehaget vi har hatt tidlegare... Oppkastet har vi heller ikkje sett noko til dei siste månadene, men det hang igjen lenge etter ho var "friskmeldt" og medisinfri.