Det er sikkert lurt å kjøpe bil med tre individuelle/enkeltståande seter baki viss du skal vere sikker på at det er plass nok. Vi har ein Citroën C4 grand picasso, som har enkeltståande seter baki (kan flyttast framover eller bakover ved behov, på same måte som framsetene), og det er isofix i alle tre + passasjersetet framme. I bagasjerommet (som er kjempestort) er det to ekstra seter under golvet, og dei kan slåast opp på få sekund viss ein plutselig får ein ekstra passasjer.
Veldig fornøgd med bilen vår! Den er i tillegg veldig behagelig å kjøre, er stor, romslig og lys inni - ingen problem for voksne å sitte i baksetet heller om det skulle vere behov for det.