*TryllTryll*
Stolt 3barnsmor <3
Da
Minda Aurore kom til verden!
17.09.2012
ca. kl. 23.00 – Låg eg i senga på sjukehushotellet å tenkte og
grein..
Det å gå
rundt å vente på at fødselen skulle starte var ein skremmande
tanke, og med tanke på kor grusom eg opplevde forrige fødsel, var
det langt i fra kjekt å gå sånn rundt å vite at for kvar dag eg
gjekk gravid, jo nærmare var eg fødselen, så eg gjekk ned på
føden og fekk snakke med ei jordmor som trøsta og roa meg ned og
gav meg noko å sove på da eg hadde sove veldig dårlig dei siste
nettene.
18.09.2012 kl 05.00 vakna eg av at eg måtte på do,
hadde ingen smerter så tenkte at det blei nok ein dag med overtid.
Eg var no komt på den 5 dagen over termin. Og det var satt opp
overtidskontroll dagen etterpå..
Eg gjekk å la meg igjen og sov
rundt 1 time, da begynte eg å kjenne at det var noko på gang med
kroppen, men var veldig usikker på om det kun var modning eller at
det faktisk var fødselen som starta.
Låg ein time i senga og
kjendte «vondtane» komme å gå, dei var langt i fra vonde nok til
at eg trudde det var rier, prøvde å ta tiden på dei og dei
varrierte alt fra 3-6 min mellom og lengden på vondtane var på
rundt 1min og 30 sek.
Eg fann ut at eg like greit kunne stå opp
å pakke ned klea og tingene mine på rommet sånn i tilfelle.
Litt
før halv 8 var eg komt ned på føden, gjekk inn på vaktrommet og
sa eg trudde eg var begynt med rier, og fekk ei jordmor som fulgte
meg inn på eit rom kor dei satt på meg ein CTG kor dei registrerte
hjertelyd og sammentrekkningane mine.
Eg ringte syste mi som
skulle ver med på fødselen å ba ho om å komme til Førde, fordi
no var fødselen i gang, og etter samtalen med ho sendte eg ein sms
til barnefar om at eg var begynt med rier.
Klokka var no
halv 9 og jordmor ville sjekke åpningen, den viste 4cm og eg fekk
lov til å flytte over til eit føderom, noko som tok litt tid da dei
dreiv å vaska og gjorde klart..
I mellomtiden ville jm ha ei
urinprøve, så eg fekk gå på do, og for å seie det mildt, å
tisse når ein har rier er langt i fra lett! Men det kom heldigvis
nokon dråper så jm fekk det ho trengte..
Når eg var
komt inn på fødestua sa eg klart i fra til jm at eg ville ha
epidural, mtp forrige fødsel, men at eg godt kunne prøve badekar
først, for riene var fortsatt overkommelige.
Men JM ville me skulle
sette epiduralen med ein gang, så ho satt kanyle og drypp i handa mi
og spurte om eg ville bruke lystgassen mens me venta på epiduralen.
Eg tok i bruk lystgassen og merka eg blei rolig og søvnig. Og
pusta meg greit og rolig gjennom smertene, jm roste meg og sa eg var
ein av dei roligaste ho hadde sett under ein fødsel og sa at detta
gjekk kjempefint.
Etter ei lita stund spurte eg jm om epiduralen
snart kom, og ho sa anestesilegen var der, men at ho ville sjekke
åpningen igjen før dei satt den, så ho sjekka åpningen og sa noke
sånn som «Du, veit du ka, eg trur rett og slett me ikkje rekk å
sette ein epidural på deg, du har alt 8-9cm åpning du».. Så
spurte ho om det gjekk greit for meg og at epidrualen knapt kom til å
funke før alt var over.
For meg gjekk det greit, eg var jo snart
ferdig, var meir urolig for at systa ikkje skulle rekke fram.
Klokka
09.45/09.50 ankom endelig systa føden.
Eg hadde 2-3 rier før
pressriene starta. Kjente panikken bre seg for smertene var grusomme,
begynte å ynke meg og grine fordi eg ikkje viste ka eg skulle gjere
av meg.
Jordmor ba meg slappe av mest mulig og la kroppen styre
seg sjølv, så eg gjorde som ho sa og lot kroppen få bestemme, når
pressriene kom pressa eg det eg kunne og slappa av..
Da hode var
utkommen fortsatte eg berre å presse, ville ha ut ungen så pressa
alt eg hadde og svoop var lille Minda Aurore født. Klokka var
10.11.
Ho skreik med ein gang ho kom ut og eg fekk ho på brystet
mitt.
Den mest fantastiske følelsen i verden. <3
Eg var
sliten, stolt og lykkelig for at eg hadde greidd å føde nok ein
gang.
Bittelillesøster veide 3966gram, var 51cm lang og 36 cm
i hodeomkrets.
Og verdens nydeligaste, som sine storesøsken.
Og
eg? Eg er verdens stoltaste 3 barnsmor <3