Hei!
Vi har ein gut på 5 1/2 år. Då han var knapt 3 år begynte han å skjele, etter drøyt eit halvt år fekk han time hos augelege og fekk konstatert at han er svært langsynt. Etter fire mnd med briller hadde skjelinga gått mykje tilbake, men vi fekk då beskjed om at han hadde svært redusert syn på det høgre auget. Hjernen hadde undertrykt signalene frå det auget så lenge at han i praksis var blind på det. Begynte med intensiv lappetrening (7 timar for dagen, 5 dagar i veka) og der er vi egentlig enno, halvanna år etter. Synet på det høgre auget HAR bedra seg ein del, men det var ingen framgang frå september '10 til januar '11. Neste kontroll er i begynnelsen av mai. Han har forresten brillestyrke +6,75 og +7,5, samt skeive hornhinner.
No som vi nærmar oss skulestart kjenner eg at eg begynner å bekymre meg litt. Vil han f.eks. trenge spesiell oppfølging på skulen? Vil han måtte fortsette med lappen? Og om det IKKJE bedrar seg meir, kva i alle dagar gjer ein då? Gir ein opp og lar synet gå tilbake på det dårlege auget? Er det mulig å gjere noko anna enn å trene med lapp? Og kor lenge er det mulig å korrigere synet på denne måten?
Dette er spørsmål som surrar i toppen på meg, og eg burde nok ha snakka med augelegen om det. Problemet er at legen er veldig spesiell... Flink, ja. Veldig flink. Men er nesten som to forskjellige personar frå eitt besøk der til neste. Av og til superbarnevenleg ("Hadde jeg hatt tid skulle vi to ha bygget den lego-bilen sammen"), av og til sånn at eg nesten blir på gråten ("Vi MÅ dryppe øynene dine for mamma sier at du trenger nye briller så da må vi måle øynene skikkelig!"). Veit aldri kva for ein dag vi treffer liksom.
Er det kanskje nokon her som har erfaring som kan vere til hjelp?