lenlen
Forelsket i forumet
Det viste seg på ul i dag at frøkena hadde snudd seg med hovudet ned, så då kan me instille oss på vaginal fødsel:) Ho vart estimert til 2800g i dag, litt under gjennomsnittet ( -10%) , men det er heilt i orden med tanke på størrelsen på utgangen;) Alt såg heilt fint ut, så no er eg fødeklar:) Kjenner at eg gler meg til å føde, og håpar det startar snart. Har hatt masse kynnarar dei siste dagane, ein del mensmurringar, og i går hadde eg faktisk ei rie. Godt å kjenne at eg kunne gjennkjenne forskjellen på kynnere og rier. Håpar det betyr at ting modnast, så det ikkje vert overtid;)