Bruker45so
Første møte med forumet
Hei, eg eller me har eit spørsmål vedrørande bleieavvenning. Me har nyleg prøvd oss på varianten 'Bleiefri på tre dager' og det heile ser ut til å gå fint, dvs sonen vår på 26 mnd bæsjer og tisser no på do, men uhell har han litt av endå (5.dagen). Problemet er pt, som det òg står skildra i artikkelen, å få barnehagen med på notene. I dag t.d. hadde han hatt to tisse uhell (etter mat og sov, førebels uvisst om han fekk tilstrekkeleg hjelp til å gå på do), som medførte bleie på av personal medan han var ute siste del av dagen. Me har difor tenkt litt på korleis me skal gripe det heile an vidare, skal me avbryte opplegget, sidan det ser ut til å vere vanskeleg gjennomførbart for personal i bh, eller halde fram berre når han er heime eller med oss, og er sistnemnde tilstrekkeleg for å få han bleieavvent? Takknemleg for svar! Helsing Sølvi