Kjem an på om ein meiner å reise f.eks. aleine med fly (når nokon står i andre enden og møter barnet), eller å dra på ferie med andre enn foreldra?
Mine er 8 og 10 og det første har ikkje vore aktuelt enno.
Men ferie utan oss foreldre har dei hatt. Eldste var 1 år og 10 mnd då han reiste med fly til Paris saman med søstera mi, møtte mamma og pappa der og kjørte heim opp gjennom Europa. Han var vekke i 11 dagar og hadde det heilt supert!
No har foreldra mine "barnebarntur" med dei eldste barnebarna nokre dagar kvar sommar, buss-/campingtur. I fjor kjørte dei Bergen-Brønnøysund, året før var det "berre" Hardanger og Mikkelparken.
Veldig kjekt for søskenbarna å få vere på tur saman, og få kose seg med besteforeldra (og omvendt)!