tja.. sjølsagt prøve å unngå såper, ikkje bade for ofte (1 gang i uka er nok), bruke olje i badevatnet. Her har også Aderma Exomega morgen og kveld funka bra, og i periodar der det er forverring tar vi knekken på det med kortison. Er det ille kan ein resept på sterkare kortisonkremer hos legen...
lurt å bruke uparfymert vaskemiddel, og mange kan reagere på ull.. bomull eller ull-silke inn mot kroppen skal vere bra..
enkelte kan vel også reagere på husdyr og matvarer, det må vel nesten bare prøvast ut...
kulde er også skummelt, så viktig å bruke ein god kuldekrem når dei skal vere ute.. den må vere oljebasert, og ikkje vannbasert..
har også hørt at havre i badevatnet skal vere bra, men ikkje prøvd det ut sjøl!
her i huset er det eldstejenta som har atopisk eksem, ho begynte å få det når ho var rundt 3 mnd.. Hadde det SKIKKELIG ille ei stund, men no er det bare litt eksem i albuhasene stort sett :o) prøver å vere flink å begynne med kortison straks vi ser det blusser opp, har også i perioder smurt med fuktighetskrem så ofte som ca ein gang i timen!
smører kvar kveld framleis da, no er ho snart 8....