Her har og symfysedelen av bekkenet begynt å tulle seg. Har hatt vondt i ledda bak heile svangerskapet (og før, sidan eg gjekk gravid med eldste i 2005), men huskar at det blei vondt framme mot slutten av forrige svangerskap og. I tillegg slit eg med masse skjærande smerter i livorområdet (frå hufsa og opp til navlen) ved nær sagt all aktivitet. Ein 10 minutts tur på matbutikken er nok til at eg ikkje klarer å gå pga smertene. Så eg føler meg ganske begrensa no om dagen... Godt eg ikkje har noko særlig med oppgåver utanfor huset no om dagen (kjører jentungen på teaterøving og svømmekurs, men då kan eg sitte fint i ro og vente til ho er ferdig). Masse kynnere ved aktivitet og, så både lege om jm har sagt eg må unngå stress og unødvendig aktivitet. Husarbeidet må mannen ta seg av.
Men det er på ein måte litt "godt" å vere litt plaga og, fordi eg no har passert 30 veker og har hatt tidvis store problem med å føle meg klar for baby igjen. Eg VIL det jo, men føler meg ikkje klar i det heile tatt. Men når kroppen er vond og ting føles vanskelig som gravid blir det lettare å "godta" at det snart kjem baby i hus. Det er vel gjerne berre sånn kropp og sinn er innretta, at ein blir så lei av å vere gravid og ha vondt at overgangen til ny baby ikkje føles like vanskelig...