me og hadde ein kjempe flott dag i går!
Sambo starta dagen "dårlig" med å komme heim frå fest og vekke meg og Odin kl 8 på morgenen. Eg prøvde å ikkje irritere meg for mykje over han, mens eg kokte egg og gjorde klar frokost for heile gjengen, sambo hadde ein kamerat med seg heim som han hadde lovd skulle få låne gjesterommet. Formen på desse festløvene var ganske så diskutabel i selskap med Odin, men Odin såg ut til å kose seg, så eg fant ut at så lenge dei "oppførte" seg så skulle eg ikkje ta han vekk.
Etter at kameraten blei henta av søstera, så blei Odin og sambo trøtt samtidig, så då dei låg og sov så stakk eg på butikken og handla og tippa litt lotto, og prata med folk eg traff på. Etter ca 2 timer kom eg heim, og Odin våkna nesten rett etterpå.
Var middagstid, så lagde til mat, og Odin tassa rundt meg og jabba, mens sambo fekk sove litt til. Då middagen begynte å bli ferdig så henta eg sambo og me åt middag i lag. Han spurde om me skulle ta oss ein kjøretur og besøke noken. Så då kjørte me først på grava til Oliver, for så å gå til oldemor til Odin på besøk.
Då me kom heim var me stappa av kaker og diverse som desse oldemødrene absolutt ska dra fram når dei har besøk, så me lagde kun litt melk til Odin og la han.
Eg hadde 2 bestillinger på kaker som skulle leveres i dag, så eg satte meg ned på internett for å finne tips til hello kitty kaker. Sambo gjekk rundt og styrte på med noko mens eg satt der, og eg tenkte han rydda eller noko. Plutselig kjem han og tar handa mi og kysser den, og seier han syns eg trenger ein pause. Og eg trengte ikkje pause, for eg va jo nett begynt med planlegginga, men han insisterte, joda! No trenger du ein liten pause.
Tok meg med mot soverommet, og der hadde han åpna ei flaske med champagne og tent stearinlys! Me satt på senga og nippa til champagnen og prata om laust og fast! Va kjempe koselig! Og champagne på sengekanten førte til andre ting som er kjekke gjøremål på soverommet [:)]
Kjempe lenge sida me har gjort noko slikt. Eller akkurat noko slikt har me kanskje aldri gjort..
Me fant etterkvart ut me var sultne og gjekk på kjøkkenet og lagde oss omelett med baconterninger i!
Eg storkoste meg sånn i går!