Eg synest det er bra at helsesøster stiller spørsmål når ho får inn barn som er utanfor normalområdet. Enten det er over eller under. Kanskje treng barnet og foreldra rettleiing om kosthald, kanskje kan det vere snakk om sjukdom, i enkelte tilfeller kan sikkert det at helsesøster fangar opp over- eller undervekt vere med på å avdekke omsorgssvikt. Eller kanskje det er heilt normalt for akkurat dette barnet.
Det er dog viktig å sjå det enkelte barnet og, ikkje berre tala. Lik høgde og vekt kan sjå veldig forskjellig ut på to ulike barn.
Eg har ein gutt på 10,5 år, han er 146 cm høg og no ved siste veiing har vi fått han opp i 32,5 kg. Har jobba mykje med han og mat dei siste åra, i samarbeid med lege og ernæringsfysiolog (han har spesielle behov som kompliserer).