Plutselig fruktbar

26+3
Ny kontroll av livmorhalsen i dag. Den lukka delen er 2,8-2,9 cm og det er bra. Fornøyd med oppfølginga og skal.fortsette med kontroll ein gong i veka. Er i dag ei veke lenger enn med storebror [emoji173]
 
27+3, 2 veker lenger enn med storebror og ny kontroll på kk. Livmorhalsen heldt seg fortsatt over 2 cm, frå 2,6-3,3 på dagens målingar. Er nøgd med det [emoji4] lillebror er estimert til litt over 1100 gram og veks som normalt.
 
28+4
Var til jm på mandag, hb var gått opp og eg har kun gått opp 800 gram på tre veker, det var jo bra [emoji4] ellers var baby og mage som den skal.
Kontroll av livmorhalsen på.kk i går, den var på.2,8 cm og det er me òg nøgd med. Ny kontroll om ei veke.
 
b2df5e5f86a5809a84b2c68af4b1fa65.jpg
 
29+1 og ny veke. Våkna med dårleg mage i går og vart sjølvsagt bekymra for å føde prematurt [emoji23]
Gjekk heldigvis over i løpet av dagen og er fin att i dag [emoji4] i går var babyen veldig aktiv heile dagen og har byrja dytte i eine ribbeinet mitt. Kjenner han er sterkare og at enkelte bevegelser er ubehagelig. Men skal vera glad for kvar veke me klarer [emoji106]
 
29+3 og ny kontroll på kk.
4 veker lenger enn med storebror og lille venn er no dobbelt så stor som han var då han kom. Estimert til 1680 gram i dag. Livmorhalsen var.2,5-2,6 cm og stabil. Skal difor ikkje tilbake før om to veker for ny kontroll, men kan sjølvsagt ta kontakt ved ubehag. På laurdag er me 30+0 og har passert ein ny milepæl [emoji4]
 
31+0 og ny veke! Formen er fortsatt fin, men har fått litt vatn i kroppen, så gifteringen tok eg av no i veka medan det fortsatt var mogleg. Babyen veks og trives og me får håpe han heldt seg inne til etter eg sluttar på Lutinus, gjerne til permisjonsstart 1. Januar [emoji4]
 
31+3
Kontroll på kk i dag. Var til ein overlege med medisinstudent, så vart ein grundig og god sjekk i dag med mange spm og mulighet til å lære opp studenten i både det å lese ultralydbilder og om PCOS. Livmorhalsen var ca 2,3 cm, og babyen er noko stor, ca 2,2 kg. Pga BMI og PCOS er eg i større risiko for svangerskapsdiabetes, og sidan babyen er noko stor og glukosebelastninga var i øvre sjikte, valgte legen å ta labgtidsblodsukkeret òg. Ellers var han fornøyd, eg skal fortsette som før. Ny kontroll om to veker, han ville egentlig ha meg inn om tre, men det synst eg var litt lenge [emoji23]. Kontroll hjå jordmor i morgon, satsar på bra resultat der òg.

Er no 6 veker lenger enn med storebror [emoji106]
 
32+1
Har ikkje fått noko tilbakemelding på langtidsblodsukkeret, så går.utifrå at det var innafor, var heller ikkje noko sukker i urinen dagen etter hjå jordmor.

Formen er fortsatt fin, litt vatn i hender og føtter, men det skal eg tåle.

Kjørte bil for første gong sidan eg vart sjukemeldt i går, det gjekk veldig fint og det var godt å kunne føle seg litt meir sjølvstendig att.
I dag vaskar eg kommode og babyklede, heilt utruleg kor liten storebror har vore [emoji173]
 
33+3
8 veker lenger enn med storebror og ny kontroll på kk. Livmorhalsen er fortsatt over 2 cm og stabil, satser på å gå på progesteronstøtte til 35+0 om ikkje det startar noko fødsel av seg sjølv før det. Ny kontroll om 2 veker, då er det i tillegg ny kontroll hjå jordmor. Blir spennande fram mot det [emoji4]

No er det meste vaska, gjenstår berre å montere bedside crib og pakke sjukehusbag. Lillebror er aktiv og eg veks [emoji23] glad for at ruginga fungerer og at me har sjansen for å få ein ferdig baby denne gongen. Startar fødselen veke 34 så stoppar dei det ikkje, han treng heller ikkje lungemodningssprøyte då. Krysser fingre og tær [emoji106]
 
64632657d73e5f7bd5deaa4e26e676d1.jpg


34+0 og ny veke! Om berre fem dagar er me høggravid og det er ein veldig stor milepæl (om ikkje noko skulle skje før). Formen er fortsatt fin, så foreløpig ingen teikn på at det er noko på gong. Eg får litt kynnarar når eg går eller reiser meg fort opp, men utan om det er det forholdsvis roleg.

Babyen veks og vekslar mellom å ligge på høgre og venstre side av magen. Om han strekker seg meir ut no så må eg lene meg bakover [emoji23]

Det er "berre" tre veker til han ikkje er rekna som prematur, tenk om me klarar å kome så langt? Det hadde vore fantastisk! Men no er han i hvert fall så stor at alt skal gå fint, sjølv om det sikkert blir nokre dagar ekstra på sjukehuset. Spennande tider[emoji7]
 
Unner dere så masse å komme til høygravid! Du har stått på i en skremmende situasjon! Nyt det og klapp dere selv på skulderen.
 
Og der var eg forkjøla med hodepine og tett nase [emoji33][emoji27][emoji40] håper det går fort over, for eg vil helst kunne puste og vera nokonlunde oppegåande til fødselen.
 
Og der var eg forkjøla med hodepine og tett nase [emoji33][emoji27][emoji40] håper det går fort over, for eg vil helst kunne puste og vera nokonlunde oppegåande til fødselen.

Huff, god bedring!
 
Back
Topp