Plutselig fruktbar

Ja, det blir nok litt lange dager :-( hurra for uke 22! Det går fortere nå enn når man var i første trimester :) håper du hadde det fint på konsert!
Åh, det var herlig med middag og konsert med mi beste venninne [emoji7] på lørdag er me 23+0 og ting må berre fortsette å gå fint [emoji106]
 
Masse bevegelse i kveld, det er godt etter at hormoner har fått litt negative tanker fram i dag. Nyter kvart dult før eg sovnar [emoji173]
 
24+0
Neste kontroll livmorhals 4.10
Jordmor 11.10
Glukosebelasting 11.10

Ny veke og formen er fortsatt fin, forutsatt at eg heldt meg mest i ro og ruger. Var til.kontroll hjå gynekologen i går, livmorhalsen var gått opp til 4,5 cm (frå 4 sist), men viste teikn til "nebbing" som vil sei at den blir påverka av dei kynnarane eg har. Er sjukemeldt til eg når 26 veker og får ikkje løfte tungt.
Skal planlegge med jobb og fastlege korleis me skal gjere det når eg kan byrje jobbe litt att. Gynekologen skreiv eit skriv ang tilrettelegging som jobben må fylle ut og sende til NAV. Viss eg skal tilbake i jobb må det kun bli kontorjobb, og ifølge sjefen blir det nok.mest aktuelt med halve dagar då. Då blir det gradert sjukemelding og jobbing 50%.
 
Gynekologen sa òg at han såg for seg at denne babyen kom til å kome før termin, rundt veke 34. Eg håpar å kunne ruge til over nyttår, slik at den blir då stor som mogleg før fødsel. Nyter kvar dag. Første mål er å kome forbi 25+3 og så å nå 30 veker.
 
24+2
Var innom jobb for å levere sjukemelding og planlegge vidare forløp. Avtaler å prøve 30% friskmelding frå 16.10 i to veker. Jobbe tilsvarande 1,5 dag fordelt på 3 arbeidsdagar, man-ons-fre. Vil gjerne få målt livmorhalsen etter dette for å sjekke om kroppen synes det er greit med denne belastinga. Trur eg hadde kynnar på slutten på jobb og i bilen på veg heim, det hjelper å ligge i ro kjenner eg. Er litt spent/skeptisk til om det vil gå bra å jobbe, vil ha babyen inne lengs mulig denne gongen [emoji173]
 
Kjenner på at eg er usikker på.om eg skal gå ut i arbeid så "tidlig". Skal snakke med fastlegen om dette før mine to veker er ferdig.
 
I morgon skal eg på kontroll på kk for å måle livmorhalsen. Det trur eg skal gjere godt for psyken min, for i dag har eg vore ganske bekymra, spesielt mtp at eg har vondt i baken og er redd for at det er noko som foregår.
 
Kontroll på kk i dag. Livmorhalsen var gått ned til 2 cm på 5 dagar. Så no er det å prøve med progesteronstøtte i form av Lutinus og ny kontroll på mandag. Får fortsette å.ta det med ro og gjere enno mindre med storebror [emoji173]
 
Håper det går bra med deg og at progesteronet får livmorhalsen til å vokse seg litt lengre :) :Heartred
 
Takk! Håper det eg òg! Ein blir litt nervevrak av å ligge på sofaen og kjenne etter at alt er som det skal [emoji23]

Av å ligge på sofaen og kjenne etter kan man bli ganske så gal av, ja! Du får få mannen til å underholde deg litt på si og se mange gode filmer i helga :)
 
25+0 og ny veke! Ligg stort sett på sofaen og håper at det er trikset. Var ein.kort kjøretur til bhg i går for å assistere besteforeldre med å hente.storebror, men kjente fort at det det var ubehageleg. Så det gjer eg nok ikkje fleire gongar.
 
25+2 og skal på kontroll på sjukehuset. Blir spennande om livmorhalsen er stabil eller om den er blitt kortare og eg evt blir lagt inn. I morgon er eg like langt som då.storebror vart fødd.
 
25+2 og skal på kontroll på sjukehuset. Blir spennande om livmorhalsen er stabil eller om den er blitt kortare og eg evt blir lagt inn. I morgon er eg like langt som då.storebror vart fødd.
Håper på gode svar til deg og at du slipper å bli lagt inn❤️
 
Livmorhalsen var litt lenger og eg får vera heime. Ny kontroll tysdag om ei veke. Dei meiner eg kan leve tilnærma normalt, men eg kjem til å ta det med ro som før. Bedre å vera føre-var [emoji106]
 
25+4 og ferdig med å drikke glukosebelastning. Var heldigvis ferdigblanda med bringebærsmak. Skal sitte her på legekontoret i to timar, har strikketøy med. Kjenner meg litt kvalm, håpar det går over etter kvart.
 
25+5 og har hatt min første jordmortime.
Det var forsåvidt hyggeleg, det. Hb var innanfor, urinprøven slo ut på sukker, men glukosebelastinga i går var ok, bt fint og dei andre målingane var greie. Skal tilbake til.veke 28, forutsatt at eg fortsatt er gravid.

Føler meg for tida bra og er takknemleg for kvar dag eg får gå gravid.
 
15d345cfef92bf307da6b53826875527.jpg
 
Back
Topp