Plutselig fruktbar

I dag 18+0
OUL: om 4 dager

Ny veke og formen er fin (bortsett frå forkjøla [emoji27]).
Byrja att i full jobb på mandag, var heime tysdag med sjuk storebror og resten av veka er på jobb. Veldig nøgd med tilrettelegginga som er gjort sålangt og synes det er deilig å arbeide på dagtid, sjølv om eg er kronisk B-menneske [emoji23]

Magen er komen og har den fine runde fasongen som visar at det ikkje berre er min forkjærleik for smågodt som er stor [emoji106][emoji23]

Måtte søkje om permisjon med løn dagen det er OUL då eg skal på 2-årskontroll med storebror kl 09.30 og på.OUL kl 13.00. Blir liksom ikkje mange timar på jobb då [emoji27] men det gjekk.fint [emoji4]
 
Må berre spørje, kvar i landet er du frå? Elskar at folk skriv nynorsk :D Snakkar nynorsk sjølv, men skriv på bokmål her på forumet :p

Masse lykke til på OUL i morgon! Skal dykk vite om det er gut eller jente? :)
 
Må berre spørje, kvar i landet er du frå? Elskar at folk skriv nynorsk :D Snakkar nynorsk sjølv, men skriv på bokmål her på forumet [emoji14]

Masse lykke til på OUL i morgon! Skal dykk vite om det er gut eller jente? :)
Frå ei øy nord for Bergen [emoji106] nyttar nynorsk meir og meir medvite då eg vil at det skal leve lenge [emoji106]
 
Oul i dag, ny termin 22.januar og vart satt fram ei vekes tid til 19+3/4. Der låg det ein perfekt liten veslebror som me gler oss til å helse på i januar. Fekk vite at eg har forliggjande morkake og det er nok difor eg ikkje har kjent så mykje enno, men i dag tok det heilt av og eg kjenner det i kveld [emoji173][emoji170]
 
Frå ei øy nord for Bergen [emoji106] nyttar nynorsk meir og meir medvite då eg vil at det skal leve lenge [emoji106]
Kanskje ikkje så langt frå der eg voks opp då ;)
Eg er også oppteken av det, men likar ikkje tanken på at ''alle'' kan lese det ein skriv her, vil jo ikkje bli gjennkjend ;) Ja, eg er nok litt paranoid :angelic:

Gratulerer så mykje med ein veslebror! :) Så godt med livsteikn frå dei små :)
 
Fekk så dårleg magefølelse i går kveld og fekk behov for å få kontrollert at alt var i orden med både livmorhals og kropp. Førre gong starta fødselen på same måte, med dårleg magefølelse, så no tar eg ikkje nokon sjansar. Fekk akuttime hjå gynekolog i byen og han fekk sett på meg. Livmorhalsen var heldigvis lang og urinprøven fin, men vart sjukemeldt i tre veker foreløpig med mulighet for forlenging etter neste kontroll. Skal tilbake til han i slutten av sjukemeldinga for ny kontroll og evt meir sjukemelding. Glad for at alt er i orden, og det er forsåvidt greit å bli sjukemeldt, men det er litt trasig at eg ikkje får spele i korpset akkurat no heller, då det blir for mykje trykk på magen å spele. Eg må ta det med ro i hvert fall fram til veke 28, som er åtte veker til, og då kan eg forhåpentligvis auke belastinga og spele igjen :gen053
 
20+4

Må innrømme at det er grådig kjedeleg å vera sjukemeldt med restriksjonar på å gjere for mykje. Det blir mykje sofasliting, og det er faktisk slitsomt. Prøver å gjere litt husarbeid, men tar det helst med ro. Kjenner på eit lite ubehag når eg står og lagar middag, så det blir ikkje lange tida eg gjer noko om gongen. Men det som er viktig no er å ruge fram baby, og helst lenger enn til veke 25. Utruleg trasig at det ikkje er lov å spele med korpset, spesielt sidan me er få musikantar og det er jubileumskonsert ganske snart.
 
Skjønner godt at dagene kan bli lange. Hva med en sofa hobby? Lage album? Scrappe kort? Hekkle/strikke?
 
21+2 i dag, time hjå fastlegen 22.09, gyn 29.09 og kk 04.10. No blir det masse kontrollar framover, men det er no berre greit å få gjort. Må til fastlegen då sjukemeldinga går ut 22.09 og eg har arbeidshelg. Vil vera sjukemeldt fram til eg skal til gynekologen og så får han vurdere vidare forløp.
 
Hei! Long time no see. Mista tilgangen til forumet, vet ikke hva som skjedde ‍♀️ Kjedelig å være sykemeldt ja, men det er jo verdt det! Det fine med at du har masse kontroller fremover er at du får noe å gjøre hver dag [emoji5] håper ellers det går fint med deg, til tross for restriksjonene!
 
Ikkje alltid så godt å vite med all denne teknologien [emoji23] heldigvis kjekt å lese at alt er bra med deg og babyen [emoji7]

Blir litt lange dagar her heime, men tida går merkelig nok fort likevel! I morgon er eg 22+0 og neste laurdag er me over grensa for når dei evt kan redde babyen. No skal eg sikkert vera sjukemeldt fram til eg når 28 veker slik at me er meir trygg på at det blir ein ferdig baby og ikkje prematur som sist [emoji106]

I morgon skal eg på konsert og ut og ete med to venninner, det skal bli godt å kome seg ut litt og nerde seg med litt korpsmusikk [emoji173]
 
Ja, det blir nok litt lange dager :-( hurra for uke 22! Det går fortere nå enn når man var i første trimester :) håper du hadde det fint på konsert!
 
Back
Topp