vestlandsjento
Gift med forumet
Heisann:) Eg er ny på assistert befruktning. Me har prøvd i fire år og bli gravid, uten hell.. Eg har PCOS, og har prøvd hormonbehandling tidlegare. Dette fungerte ikkje, så no er det IVF neste. Eg er veldig nervøs for hormonbehandlinga. Har prøvd purgeon ein gong. Då fekk eg for mange egg (5 stk) og eggstokken snurra seg pga. vekta av vanncystene. Måtte fjerna halve eggstokken. Eg gjekk to mnd. med store smerter før det vart oppdaga.. Nokon som har opplevd liknande?
Har forstått at ein ved ivf får mange fleire egg enn eg fekk, og er veldig nervøs for at dette skal skje igjen. Det er jo veldig betryggande at denne gongen skal folk som jobbar med dette til dagleg foreta behandlinga. Og skjer det igjen, treng eg nok ikkje gå to mnd. før det vert fiksa.
Ellers må eg berre legga til at eg e kjempe gla for å endelig væra i gong[:)] Har tru på at da blir baby i magen snart