Smatte
Glad i forumet
Eg låg i senga for litt sidan og strakk meg som eg vanlegvis gjer i det eg vakner og skal stå opp. Plutseleg fekk eg så ekstrem krampe i eine leggen. Har kjent litt sånn før, men det har aldri vore så gale som i dag. Eg måtte sitje meg opp og massere leggen, for den var heilt stiv og foten såg heilt forvridd ut. Den var ikkje hoven på nokon måte. Berre totalt låst. Er dette vanleg? Har nokon andre opplevd det før?