Går ungane til skulen?

En tråd i '2005' startet av Ranveig!, 7 Aug 2012.

Endre kallenavn | Kom i gang/Hjelp | Last ned vår BV-forum app
  1. Ranveig! Forumet er livet Aprillykke 2016

    Kor langt unna skulen bur dåke? Og korleis er vegen?

    Heile første klasse budde vi langt unna og hadde svært farleg skuleveg (4,6 km frå skulen, ingen fortau/gangveg, smal veg - ikkje plass for to bilar til å møtest, 60-sone), så guttungen fekk dekka skulebuss.

    Men no har vi flytta! Her er vi ca. 1 km frå skulen. Ca. halve vegen er inne i byggefeltet, resten er gangveg/fortau. Han må krysse vegen ein gong, men det er gangfelt, 50-sone og lite trafikk. Eg håpar at han skal bli i stand til å gå til skulen i løpet av året. Det er ikkje heilt urealistisk det, sant?
     
  2. bondekone Forumet er livet

    Her så går gutten til buss-stoppet der han går på bussen, og han går fra der bussens topper og hjem når han er ferdig på skolen
    Er 1mil til skolen, så litt langt

    Har ei vennine som har sønn som også ska opp i 2klasse nå, han fikk lov litt i vår å gå til skolen og hjem, da har han ca 2km en vei å gå
     
  3. Knatrikkene Forelsket i forumet

    Her er det ca. 1 km til skolen, og veien går inni boligfelt så det er lite trafikk:-) Han har bestevenn å gå med til og fra skolen, noe som er topp! Her har de stort sett blitt fulgt til skolen (øvd ved at jeg går 100 meter bak), og gått hjem alene. Vil tro at det er et realistisk mål å kunne gå til skolen i løpet av året, men hadde kanskje sett om det var noen i nabolaget å gå sammen med ettersom det kanskje kan føles litt tryggere for gutten din:-)
     
  4. Ranveig! Forumet er livet Aprillykke 2016

    Takk for svar begge to!

    Vi kasta oss rett og slett ut i det på mandag vi! Eg var for å hente guttungen på skulen då eg såg at klassekameraten (som bur i same byggefelt som oss) gjorde seg klar til å gå heim. Så eg spurde guten min om han ville gå han og. Han var heilt i fyr og flamme, og dei sprang av gårde saman. Eg henta lillesøster i barnehagen og kjørte heim, og jaggu var dei kome heim hit før meg.

    I dag planla vi og avtalte på førehand... Skulen var ferdig kl. 14, og då skulle guttungen få lov til å gå heim. Eg ville gå heimefrå samtidig for å møte han på halvvegen, men det ville han ikkje ha noko av, for han skulle gå heim ALEINE.

    Du kan tru det var ein stolt gut som kom tuslande inn døra her kl. 14.20 (og ein relativt letta mamma som stod og trippa og venta)! Så no skal vi fortsette å øve oss på å gå heim aleine dei dagane eg har fri og dermed er heime for å ta imot han, og så kan vi etter kvart og øve på å gå heim og vere heime litt før eg kjem frå jobb dei dagane eg jobbar seint.

    Tenk at det kunne gå SÅ greitt å klare å gå heim sjølv!?!

    Å gå TIL skulen får vente litt, eg må uansett levere lillesøster i bhg. så dermed går eller køyrer eg uansett rett forbi skulen og leverer han i same slengen.
     

Del denne siden